Engasjert far og to barn
Foto: Colourbox

Det nærmar seg skulestart og spenninga og forventninga er stor både hjå barna sjølve og dei føresette. Ofte er dei vaksne aller mest spente.

– Hvis foreldra kjenner seg velkomne, vil dei og bli gode samarbeidspartnarar for skulen. Ei aktiv foreldregruppe gjer arbeidet for skulen, og med eit godt skulemiljø, lettare, seier FUG-leiar Elisabeth Strengen Gundersen.

Korleis engasjerer eg meg?

I skulesendinga har FUG sendt eit felles brev til rektor og FAU-leiar med oppmoding om å spreie materiellet vidare.

FUG har ingen direkte kommunikasjonskanal med dei tillitsvalde foreldra og er derfor heilt avhengig av at både rektor og FAU-leiarane informerer dei om kva det inneber å ha eit verv i skulen.

Du finn ei rekkje nyttige brosjyrer og filmar her om kva dei ulike rådsorgana skal jobbe med. Alt materiell kan lastas ned gratis.

Bilde av forsiden til Kontaktboka
Bilde av forsiden til Kontaktboka

Kontaktboka

Eit eige brev er stila til kontaktlærarane til dei nye 1. klassingane. Her vert læraren oppmoda til å invitere foreldra til eit godt samarbeid og til å engasjere seg i skulekvardagen.

– Både for den einskilde eleven si læring og for klassemiljøet sett under ett betyr det mykje at foreldra engasjerer seg. Det er heilt underordna kva for utdanning eller kunnskap om skulefaga foreldra har, seier FUG-leiaren.

Kontaktboka mellom heim og skule er ein reiskap for god dialog mellom heim og skule som lærarane kan bestille.

Du kan finne meir info om skulestart her.