Siste FUG-møte 2015
(FUG-utvalet 2012-15. Foto: FUG)

I 2015 tok FUG imot 530 telefonar og e-postmeldingar frå enkeltforeldre og tillitsvalde foreldre. Dei fleste spurde om saker som gjaldt organisering (162), rådsorgan (125), læringsmiljø (98), vanskeleg kommunikasjon med rektor/skulein, mobbing (41) og spesialundervisning (30).

Det at så mange kontaktar FUG om organisering og rådsorgan (55 prosent til saman), trur FUG skriv seg frå mangelfull opplæring av foreldra. Det er skulen som er ansvarleg for å lære opp foreldrerepresentantar i skulen. God informasjon frå og dialog med skulen er ein nødvendig føresetnad for at foreldra skal vere i stand til å delta i skulekvardagen og læringa til barna.

FUG har i 2015 halde 33 foredrag for foreldre, lærarar og skuleleiarar og på denne måten nådd rundt 2500 personar. I dei fleste tilfella har skular i kommunane slått seg saman og arrangert stormøte.

Tre av foredraga har vi halde på lærarutdanningsinstitusjonar.

Elever på sykkeltur (Foto: Colourbox)
(Foto: Colourbox)

Gratisprinsippet

Av dei mange sakene FUG jobba med i 2015, var gratisprinsippet, lekser og skolering av tillitsvalgte foreldre sentrale emne. Dette er tema vi også få mange spørsmål om frå foreldre. 

I 2015 kom FUG med 24 høyringsfråsegner til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektorat (Udir), i tillegg til fem andre fråsegner til tre andre departement. FUG har òg komme med høyringsfråsegn til Stortingsmelding om likestilling innanfor oppvekst og utdanning og eit innspel til Ludvigsen-utvalet.

FUG har delteke i til saman 20 ulike grupper i 2015, halvparten av dei i referanse- og arbeidsgrupper i regi av Udir. I tillegg har FUG delteke i andre grupper i regi av Helsedirektoratet, Bufdir, IMDi, HiOA og NAFO. FUG har løfta foreldrestemma og argumentert for kor viktige foreldra er for at barna skal trivast og lære.

E. Strengen Gundersen og Ø. Djupedal (Foto: Utdanning
(Foto: Utdanning)

Kommunikasjon

FUG har handtert til saman 93 mediesaker – tolv av dei har vi selt inn sjølve. Dei største mediesakene har handla om lekser, varierande kvalitet på SFO (pris og innhald) og NOU 2:2015 «Å høyre til».

FUG sende brev til alle skulane i landet adressert til FAU med tittelen «Still spørsmål til politikarane før valet». Brevet var òg utgangspunkt for eit lesarinnlegg i lokal- og regionsaviser signert av utvalsmedlemmene.

Vi har jobba vidare med å forbetre nettsidene fug.no for at fleire foreldre skal finne fram og dra nytte av råda, rettleiingane og materiellet der. Vi følgjer systematisk med på søkjeåtferda til brukarane og i 2015 gjennomførte vi eit kurs for redaksjonen i søkjemotoroptimalisering (SEO). Nett-trafikken har i 2015 slått tidlegare rekordar, med eit snitt på 9311 unike brukarar i månaden.

FUG har i 2015 fått 875 nye likarar på Facebook og 565 nye følgjarar på Twitter, begge utan annonsering.

Foreldrekonferansen 2015
(Foto: FUG)

Foreldrekonferansen og forsking

Helga 24. og 25. oktober arrangerte FUG og FUB ein nasjonal foreldrekonferanse på Gardermoen der 200 foreldre deltok. Temaet var gode relasjonar. Evalueringa i etterkant viste at foreldra var svært nøgde med konferansen.

Utvalet og sekretariatet til FUG har delteke på frukostseminar og fagsamlingar for å halde seg oppdaterte på forsking, og dei har lese stortingsmeldingar, NOU-ar og forskingsrapportar.

I desember 2015 arrangerte FUG eit halvdags fagseminar med nyare forsking om foreldre i skulen, der eksterne partar blei inviterte. Dette var i anledning av at det sitjande FUG-utvalet skulle gå av ved årsskiftet.

Samisk foreldrenettverk formøte 2015
(Foto: FUG/FUB)

Samiske foreldre

FUG har i samarbeid med Sametinget hatt to møte med samiske foreldre i Tromsø hausten 2015. Det blei lagt stor vekt på å få deltakarar frå alle språkgruppene, innanfor og utanfor forvaltingsområda og frå by og land i møta.

Det var stor semje om at det er behov for ein arena for erfaringsutveksling og klargjering av rettar. Det blei derfor oppretta eit interimsstyre som i 2016 arbeider vidare med desse spørsmåla.

Les heile årsmeldinga for FUG og FUB 2015 her.