- Trenden held seg dessverre frå i fjor. Vi ser at den største gruppa foreldre som tek kontakt med FUG fortel om vanskelig kommunikasjon med skulen - heile 44 %. Foreldra opplever at rektor bagatelliserar bekymringa dei har for barnet, til dømes knytt til mobbing og spesialundervisning, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Nokre foreldre fortel og at rektor har melde dei til barnevernet uten å varsle dei først.

- Dette er ikkje greit. Vi ser at det er eit stort potensial for betre samarbeid og dialog mellom foreldre og skulen, til beste for barna. Foreldra kjenner barna sine best. Derfor må dei så tidlig som mogelge få sitte i førarsetet for barnet sitt, seier Müller.

Dårleg klassemiljø

På andre plass over saker til FUG i 2018 kom frustrasjon frå foreldre knytt til uro og bråk i klassen, bruk av ufaglærte vikarar og dårlig klasseleiing (33 %). For mange handla det om dårleg klassemiljø, og barn som ikkje opplevde klassa si som ein god stad å vere.

Den tredje største kategorien (29 %) i 2018 var spørsmål kring råd og utval på skulen. Foreldre og tilsette tok kontakt om møtestruktur, samansetning av råd og utval, kva slags saker som skal opp i dei ulike organa og tips om konstruktivt samarbeid.

Nokre FAU-leiarar blei kontakta av foreldre som opplevde å ikkje nå fram hos rektor med til dømes ei mobbesak. Dei var usikre på kva rolle dei skulle ta i slike saker, då dei gjerne ville hjelpe, men helst ikkje skulle gå inn i einskildsaker.

Gunn Iren Müller fotografportrett
(Foto: Lisbeth R. Traaholt)

Meir heim-skule i lærarutdanningane

Svært mange er opptekne av korleis foreldre og skulen kan samarbeide betre for å skape eit godt skulemiljø. Det kan sjå ut som om skulen og foreldra har ulike forventningar til kvarandre utan at dette er blitt snakka om.

Til dette har FUG ei klår oppmoding til myndigheitene, som dei har minna om i fleire år:

- Heim-skule-samarbeid må få større plass i lærarutdanningane! Mange nyutdanna fortel om praksis-sjokket når det kjem ut i skulen. Vi ser ein ”missig link” i erfaringa med å møte foreldre og andre utenfor skulesfæren. Vi treng meir kunnskap om korleis heim-skule-samarbeidet foregår i dag og kva som kan betre dette. Å få heim-skule godt etablert i lærarutdanningane, vil bidra til å skape fleire trygge lærarar, seier Gunn Iren Müller.

På dei tre neste plassane over saker til FUG i 2018 kom organsiering (21 %), mobbing (14 %) og spesialundervisining (13 %). Mobbesakene held seg stabile frå 2017.

Det ser ut til at foreldre savnar meir informasjon om den praktiske organiseringa på skulen og om skulekvardagen.

I samlekategorien ”anna” (18 %) kom det i fjor spørsmål om til dømes SFO, politiattest, taushetsplikt, skulevegring og gratisprinsippet.