Etableringa av sekretariatet i Bø i Telemark har kravd mykje av dei tilsette i 2019. Fra februar var sekretariatet fullt bemanna. 

Saker utvalet særleg har påverka i sin fireårsperiode er å halde ved lag retten til spesialundersvisning, ei nasjonal evaluering av SFO, evaluering av 9 A og tilrettelegging av undervisning for elevar med stort læringspotensial

Overhalla foreldre ler i fellesmøte
(Foto: FUG)

Direkte kopling FUG - FAU

Ei sak utvalet starta opp men overlot til sitjande utval, er å sørgjer for ei direkte kopling mellom FUG og FAU. I tillegg vil nytt utval jobba vidare med meir forskning på kva som verkar i heim-skule-samarebidet, og å få inn meir kompetanse om heim-skule i lærarutdanningane. 

FUG blir kontakta av ulike medium, foreldre og skular for å halde foredrag og kome med synspunkt. Det mest etterspurde temaet på foredrag er heim-skule-samarbeid. Dei siste åra har FUG besøkt alle fylka i landet. 

FUG opplever at vi er tilgjengelege for foreldre som tek kontakt, og vi får positive tilbakemeldingar på kurs for foreldre og tilsette i skulen, rådgiving og rettleiing

Kjersti Falck 2019
(Foto: FUG)

Høyringar, råd og foredrag

FUG har i 2019 vald å svare på 15 høyringar som er viktige med tanke på heim-skule. 

Sekretariatet har hatt 584 rådgjevingar og spørsmål på e-post og telefon. Foreldre har først og fremst teke kontakt om vanskeleg kommunikasjon med rektor/skulen. 

FUG har halde 46 foredrag på skular, i kommunar, for fylkesmenn, samarbeidspartnarar og lærarutdanninga. 

I 2019 har vi delteke i fleire paneldebattar, mellom anna hjå Røde Kors, Redd Barna og på Arendalsveka, og vi har delteke i ein podcast om godt skulemiljø.

FUB- og FUG-lederne med overgangsbrosjyre
(Foto: FUG)

Materiell, nett og media

FUG har hatt ei skulestartsending til alle skular for sommaren. 

Vi har lagt ut fem nye filmsnuttar på fire nye språk på fug.no om kor viktig det er at foreldre engasjerer seg. 

Saman med FUB har vi lagt ut ein ny nedlastbar brosjyre om skulestart og overgangar.

Vi har sendt ut fire nyheitsbrev og fire pressemeldingar.  

I april 2019 etablerte FUG seg med profil på Instagram. 

FUG har handtert 65 mediesaker. Tolv av desse var proaktive saker. Størst mediemerksemd fekk to av hjartesakene våre: ønsket om FAU i vidaregåande skule og ulik pris og ulikt innhald i SFO-ane. 

I 2019 har vi skrive fem lesarinnlegg, der to av dei var i samband med kommunevalet.

Nettrafikken til fug.no har dobla seg samanlikna med året før og har spesielt teke seg opp igjen på hausten, som var prega av omlegging av nettsida og flytting til Bø. Snittalet er 11 500 brukarar per månad. 

I april blei det gjort ein brukartest av fug.no hos Netlife Design med foreldre i panelet. Dette skal vi følgje opp i 2020, mellom anna ved å lage seks temaboksar på viktige emne på førstesida.

FUG på PMM-stand i Arendal
(Foto: FUG)

Samarbeid

FUG har prioritert å samarbeide med mange nasjonale instansar, mellom anna Barneombodet, Elevorganisasjonen, KS, Skolelederforbundet, Utdanningsforbundet og NAFO. 

Vi deltek og i aktivt i alle tre arbeidsgruppene i Partnarskap mot mobbing (PMM). Det innebar mellom anna ein felles stand på Arendalsveka i regi av PMM, og to debattar.

Arbeidsgruppene som er knytte til PMM har opna for meir samarbeid mellom FUG og nokre av partnarane, mellom andre Elevorganisasjonen, Skolelederforbundet, KS, Utdanningsforbundet og Skolenes Landsforbund.

FUG har og mellem anna vore med i arbeidsgruppa for Hjartesone og delteke i referansegruppa til Unicefes pilotskular. 

Arbeidet med ein fleirspåkleg ressurs saman med NAFO held fram i 2020.

FUG har og i 2019 hatt nordisk og europeisk samarbeid gjennom NOKO og EPA. 

Nytt utval for perioden 2020-23 med leiar Marius Chramer vart oppnemnd 20. desember 2019.

Sjå hele årsberetninga for FUB og FUG 2019 her.

Sjå rapporten frå Riksrevisjonen 2019 her. 

FUG-utvalget foran St. Laurence O`Tools
(Foto: FUG)