FUG og rektor ved samisk videregående og reindriftsskole

FUG har retta stor merksemd mot tillitsvalde foreldre for at dei skal bli betre rusta til å delta i eit godt heim-skule-samarbeid lokalt. Mellem anna har utvalet jobba med å skaffe seg e-postadresser til FAU for å kunne kommunisere direkte med dei.

Målet er at aktive foreldre skal bidra til utvikling av skulen.

FUG rundt møtebordet desember 2014

Arbeidsgrupper

I 2014 er det halde seks FUG-møte og sju møte i arbeidsutvalet.

FUG har delteke i 26 arbeids- og referansegruppene. Dette er viktig for å formidle foreldreperspektivet på mange og svært varierte saksområde.

Av instansar FUG har arbeid saman med er lærarorganisasjonane, Elevorganisasjonen, Barneombodet, Sametinget, KS, IMDI, NAFO.

Sekretariatet og utvalet har hatt 13 møte med Kunnskapsdepartementet og 17 møte med Utdanningsdirektoratet. FUG-leiar, nestleiar og sekretariatsleiar har hatt faste møte med leiargruppa i Utdanningsdirektoratet.

FUG har oppretta kontakt med dei politiske partia og hatt eitt møte med KUF-komiteen på Stortinget.

I 2014 deltok FUG på eit samarbeidsprosjekt med Kommunalt foreldreutval (KFU) i Oslo som hadde som mål å auke engasjementet i heim-skule-samarbeidet hos minoritetsspråklege foreldre i Osloskolen.

Internasjonalt

FUG har òg i 2014 delteke på møte i EPA (European Parents’ Association), der FUG sin nestleiar Christian Hellevang er styremedlem. I november blei det halde ein EPA-konferanse i Bucuresti i Romania.

I det nordiske samarbeidet (Nordisk Komité) har det vore fokusert mykje på fråfall i vidaregåande opplæring i dei nordiske landa. I september deltok FUG på ein nordisk konferanse i Helsinki.

Høyringar

Å gi høyringsfråsegner er ein viktig del av oppgåva til FUG som rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. I 2014 har FUG gitt fråsegn i 12 høyringar og klargjort sitt syn på aktuelle skolepolitiske saker.

FUG har òg sendt eit innspelsnotat til KUF-komiteen og Finanskomiteen om statsbudsjettet – prop. 1S (2014–2015). Sjå alle FUGs høyringar i 2014 her.

FUGs stand på Østlandsk lærerstevne

Foredrag og stands

I 2014 har FUG halde 30 foredrag for foreldre, lærarar og skuleleiarar i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Ofte har skular i kommunane slått seg saman og arrangert eit stormøte.

FUG ser verdien i at alle samarbeidspartar i skulen får lik informasjon om kor viktige foreldra og heim-skule-samarbeidet er for læringa.

FUG har òg vore representert på Sørlandsk og Østlandsk Lærerstevne og på Skulemøtet for Rogaland.

Mange spør om råd

I 2014 fekk FUG 605 spørsmål frå enkeltforeldre og tillitsvalde foreldre. Det er ein auke på ca. 60 tilfelle sidan 2013 og 230 sidan 2012.

FUG trur at det store talet på førespurnader om organisering og rådsorgan – ca. 55 prosent – kjem av mangelfull informasjon frå skulen. Nok informasjon frå og god dialog med skulen er ein nødvendig føresetnad for at foreldre skal vere i stand til å delta i skulekvardagen og læringa til barna.

Skulemiljøet, altså læringsmiljø, mobbing og vanskeleg kommunikasjon med rektor, utgjorde ca. 44 prosent av sakene i 2014.

Trass i at det er blitt lettare å kommunisere elektronisk, opplever FUG at talet på førespurnader aukar. Foreldra uttrykkjer at dei finn god informasjon på heimesida til FUG, men at dei har eit behov for å snakke med rådgivarane i FUG.

Bilde av forsiden av kontaktboka

Materiell og utsendingar

I 2014 blei delar av nettstaden omsette til nordsamisk.

FUG sende også i 2014 ut «SKAP dialog»-materiell til skulane før skulestart med informasjonsark til foreldra, eit brev til rektor og FAU-leiar og eit eksemplar av «Kontaktbok mellom heim og skule».

Informasjonsarket til 8. trinn og spela «Samspelet heim–skule» og «Dialog» er òg lagde ut på distribusjonsstaden vår, «SubjectAid», der lærarane kan gå inn og bestille dei kostnadsfritt.

FUG har sendt eit brev til skuleeigarar og skuleleiarar og oppmoda dei til å ta ansvar for at dei lovpålagde rådsorgana fungerer.

FUG har i 2014 starta arbeidet med å lage ei foreldrerettleiing for utdanningsval.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen åpnet Foreldrekonferansen 2014

Store fellesprosjekt

Den årlege Foreldrekonferansen var i 2014 ein felles konferanse for FUB og FUG og samla over 200 deltakarar. Tittelen var «Foreldre i barnehage og skule – gode nok?», og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opna det heile.

FUG har saman med KS fulgt opp samarbeidet om eit pilotprosjekt med utvikling av beredskapsteam mot mobbing i fire kommunar. Kommunane har hatt ei samling, og sluttrapporten frå 2013 er revidert og trykt i nytt opplag.

FUG og FUB samarbeider med Universitetet i Agder, Kristiansand kommune og Sørlandet sykehus om prosjektet ”Heile barnet heile løpet” som løftar foreldreperspektivet i barnehage og skule.

Resultata av følgjeforsking med både kvalitativ og kvantitativ metodar på mobbing i barnehagen blei presentert i oktober.

Elisabeth S. Gundersen foran TV 2

Media

FUG-leiaren har ytra seg i ei rekkjer mediesaker gjennom året. Dei to sakene som nok tok mest tid og vakte størst merksemd handla om leksefri skule og om mobbing – begge i november.

Den eine vart utløyst av den tragiske historia til Odin (13) som tok sitt eige liv på grunn av mobbing. FUG-leiaren var ein av mange som deltok i debattane som fulgte om klagerett, makteslause foreldre, sanksjonar, bruken av skulens rådsorgan i mobbesaker og om beredskapsteam.

I leksesaka fatta FUG eit vedtak mot lekser i desember-møtet. Mediedebattar fulgte og denne saka.

Ved skulestart hadde vi ein felles kronikk med kunnskapsministeren på vg.no om kor mykje foreldra betyr. Ved lansering av prosjektet "Heile barnet – heile løpet" saman med FUB og forskarane ved Universitetet i Agder fekk vi på ein felles kronikk i NRK Ytring.no.

FUGs eiga undersøking om møtet mellom foreldre og skule, utført av Ipsos MMI, ble gjort kjend i Aftenposten i september.

Les årsmeldinga til FUG her.