Fra FUGs Foreldreting 2012
Frå Foreldretinget i oktober

FUG har og i 2012 vore i ulike møte med Kunnskapsdepartementet for utveksling av informasjon om dei sakene begge partar er opptekne av.

Dette året har det fleire gonger blitt peikt på korleis foreldre opplever avmakt i saker som dreier seg om spesialundervisning og mobbing. Det blir avdekt manglande kompetanse hos skulemyndigheiter, og nokre foreldre har fått medhald hos Fylkesmannen utan at det har skjedd endringar på skulen. Dermed kjenner foreldra seg rettslause.

Representantar frå KD har òg hatt eit informasjonsmøte for det nye utvalet, og det har vore to møte mellom den politiske leiinga i departementet og FUG. FUG har ved eitt høve vore på høyring med utdanningskomiteen i Stortinget.

FUG-leiar og andre i utvalet har og fleire gonger hatt møter med Utdanningsdirektoratet og halde innlegg og foredrag på konferansar i deira regi.

Høyringer

Å komme med høyringsfråsegner er ein viktig del av FUG si oppgåve som rådgivande organ for KD og Utdanningsdirektoratet. I 2012 skreiv FUG 9 høyringssvar.

FUG deltok i 29 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå i 2012. Det viktigaste bidraget frå FUG i desse gruppene er å representere foreldrestemma.

FUG-leiaren og representantar frå sekretariatet har hatt møte med Elevorganisasjonen, Utdanningsforbundet, Skuleleiarforbundet, KS, Barneombodet, NAFO og politikarar i ulike parti og diskutert skulepolitiske saker av felles interesse.

Utvalsleiaren har sete i den nasjonale referansegruppa for NY GIV, som er ei satsing for å motverke fråfall i den vidaregåande opplæringa.

Mobbing

FUG meiner at foreldra er ein viktig aktør når det gjeld arbeidet mot mobbing. Dette arbeidet har høg prioritet i FUG. Sekretariatet har i 2012 gitt råd til enkeltforeldre og tillitsvalde foreldre om dette temaet. Foreldre som rollemodellar og FAU si rolle for å skape eit godt læringsmiljø er viktige stikkord i dette arbeidet.

FUG er ein aktiv part i «Manifest mot mobbing» og deltok i 2012 i kampanjen «Voksne skaper vennskap».

Til kampanjen utvikla FUG og FUB eit opplegg til foreldremøte om venskap, og skreiv ein artikkel i artikkelsamlinga Voksne skaper vennskap, som blei utgitt på Kommuneforlaget.

FUG-leder og Trine Skei Grande
FUG-leiar og Venstre-leiarTrine Skei Grande

Foreldretinget

FUG arrangerte også i 2012 ein nasjonal konferanse for 100 tillitsvalde foreldre, Foreldretinget 2011. Konferansen fann stad på Gardermoen 13.–14. oktober. Temaet var «Ein god skule for alle».

Blant foredragshaldarane var representantar frå Barneombodet, Utdanningsdirektoratet, skulehelsetenesta, skuleeigarane og skuleleiinga.

FUG-konferansen medverkar i stor grad til å auke kompetansen i heim-skule-samarbeid for foreldre og til å få fleire foreldre til å engasjere seg i opplæringa. Interessa er stor og tilbakemeldingane gode frå foreldrekonferansen.

Lærarutdanninga

Det er avgjerande at lærarstudentane får kompetanse i kommunikasjon med foreldre og lærer å sjå på foreldra som ein ressurs. FUG har hatt tre foredrag på lærarutdanningsinstitusjonar. I tillegg har FUG halde foredrag på rektorutdanninga i Oslo og Akershus og innlegg på Nasjonal Lektorkonferanse.

FUG var i 2012 representert både på Østlandsk lærerstevne, Sørlandsk lærerstevne og på Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring (NKUL) i Trondheim.

Rådgjeving og foredrag

FUG har halde rundt 40 foredrag dette året. På dei aller fleste har det vore lærarar og skuleleiarar til stades. FUG ser verdien i at alle partar i skulen får den same informasjonen når vi held foredrag om heim-skule-samarbeid.

FUG sende også i 2012 ut materiell i prosjektet «SKAP dialog». Formålet med kampanjen er å gjere alle foreldre i 1. og 8. klasse bevisste på kor viktige dei er for læringa til barna.

I 2012 har FUG har blitt kontakta 378 gonger på telefon og e-post frå enkeltforeldre og tillitsvalde foreldre. Spørsmål om FAU og dei andre rådsorgana til skulen toppa tabellen med 77 meldingar. På andreplass kom spørsmål om organisering, der 70 har spurt om mellom anna klassesamansetjingar, leksehjelp og lærartettleik.

På tredjeplass med 50 saker kom kategorien med frustrasjonen over dårleg kommunikasjon med rektor i ulike saker. Dei beskriv problem med å kommunisere med rektor og få forståing for og respons på sakene sine – uavhengig av kva type sak det gjeld.

Samling for beredskapsteamene
Samling for beredskapsteamene

Pilotprosjekt

Talet på meldingar om mobbing har gått ned frå 64 saker i 2011 til 41 i 2012.
Det er gledeleg at det er færre slike meldingar til FUG. Samtidig trur vi ikkje at desse tala seier heile sanninga. Vi veit at mobbinga dessverre har halde seg stabil dei siste ni åra.

FUG har i fleire år teke til orde for å få oppretta kommunale team som kan koplast inn i vanskelege mobbesaker lokalt. Eit pilotprosjekt blei i 2012 sett i gang i samarbeid med KS i fire kommunar.

FUG-leder Christopher Beckham
FUG-leder Christopher Beckham

Internasjonalt

Det er eit godt samarbeid mellom dei nordiske foreldreorganisasjonane gjennom Nordisk Komité. Det har vore halde to møte i Nordisk Komité i 2012  og ein nordisk konferanse. Det blei i 2012 òg halde eit ekstraordinært møte.

FUG gjennomførte ein studietur til Brussel. Der fekk vi informasjon om EU-institusjonane, EU og utdanning, barne- og ungdomspolitikk og skuleprogram, og vi fekk ei innføring i kva EU og EØS har å seie for kommunesektoren.

FUG har og delteke på to generalforsamlingar i den europeiske foreldreorganisasjonen EPA.
 

Kommunikasjon og kinofilm

Den nye FUG-leiaren har blitt profilert i ei rekkje rikskanalar gjennom 2012 og er no godt etablert i medvitet til redaksjonane.

I alt har media kontakta FUG 88 gonger i 2012 – som regel om lekser, inneklima, mobbing, skuleferie og oppstart, foreldreengasjement og den nye utvalsleiaren.

Den største eigeninitierte mediesaka blei presentert i Aftenposten i mai, og gjaldt FUGs undersøking om lekser blant foreldre. Ei rekkje andre medium følgde opp saka.

Også i 2012 har nettsida til FUG hatt ein jamn auke av besøkjande samanlikna med året før. Den nye designen som FUG vedtok hausten 2011, blei endeleg implementert i mai. Det er særleg tre ting som er blitt forbetra etter evalueringa: Framsida er gjord meir «framsideaktig», språket er forenkla, og søkjefunksjonaliteten er forbetra.

Sidan FUG etablerte seg på Facebook i april 2011, har trafikken meir enn dobla seg. Ved årsskiftet 2012/13 hadde vi tett oppunder 1000 «likarar». I desember vedtok FUG at dei vil etablere seg på Twitter i mars 2013.

I august 2012 lanserte FUG sin eigen animasjonsfilm om kven vi er og kvifor eit heim-skule-samarbeid er viktig. Målet var å marknadsføre nettadressa. Filmen vart vist på kino i dei største byane i reklamedelen før Kon-Tiki-filmen. 

Det er sendt ut seks nyheitsbrev på e-post frå FUG i 2012 med lenkjer til aktuelle nettsaker.

Her er heile årsmeldinga 2012 for FUG og FUB.