Brukermedverknad i skolen (kap. 11)
Alle foreldre som har barn ved skulen, er medlemar av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet velgjer eit arbeidsutval (FAU). To medlemar av FAU er representert i samarbeidsutvalet. Alle skular skal ha eit skolemiljøutval og her skal elevar og foreldre vere i fleirtal. Skolemiljøutvalet skal arbeide særs med å følgje opp kap. 9a og alt som har med skulemiljøet å gjere.
Opplæringslova § 11-1a Skulemiljøutval ved grunnskular og og § 11-5a Skulemiljøutval ved vidaregåande skular trådte i kraft i 2005. Formålet med skulemiljøutvalget er å sikre deltakinga frå elevane, foreldra, skulen og dei tilsatte i arbeidet med skulemiljøet.
Det er skuleigar og rektor sitt ansvar at skulemiljøutval blir oppretta og fungerar i samsvar med vedtaka i opplæringslova. Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med representantar for elevar, foreldre, tilsatte og interesseorganisasjonar utarbeida rettleiingsmateriell for arbeid i skulemiljøutval.




