Tre voksne snakker sammen ill
(Foto: Colorbox)

Det er ei ofte brukt historie: alle foreldra som sit og ser brydd ned i golvet kvar gong det er val av foreldrerepresentantar.

- Eigentleg trur eg det er ei myte. For det er mange som vil og kan, berre dei får eit lite dytt eller tenkjer seg om, seier FUG-leiar Elisabeth Strengen Gundersen.

Sjølv har ho brei røynsle med det å vere tillitsvald – både på skulen, i korps og i kommunepolitikken. Og som FUG-leiar. Ho ville ikkje vore erfaringa forutan.

Elisabeth Strengen Gundersen juni2015
(Foto: FUG)

Påverke direkte

- Dagens foreldre både veit og vil mykje for borna sine. Det skulle jo berre mangle: at vi ikkje vil det aller beste for borna våre. Korleis dei trivst og lærer på skulen betyr mykje både for livet deira no og i framtida, seier ho.

Og dei som veit og vil mykje, ytrar seg gjerne til andre. Det kan være til naboen, slekt, vener, i sosiale media - eller på skuleplassen etter foreldremøtet.

- Det er vel og bra det, men kvifor ikkje bruke energien direkte i dei fora på skulen der barna dine går?

- Sei ja til å sitje i skulen sitt FAU, Samarbeidsutval (SU), Skulemiljøutval (SMU) eller bli foreldre/klassekontakt? Slik kan du direkte påverke situasjonen, peikar Gundersen på.

Skulen si plikt

Mange vert overraska når dei ser kor mykje positivt dei kan få utretta for skulen i eit FAU eller SU. Betingelsen er sjølvsagt at dei fungerer godt.

- Skulen og rektor har plikt til å sikra at skulen sine råd og utval finst, og gi opplæring av foreldra. Ikkje alle foreldre veit nok om korleis dei skal jobbe og kor mykje dei kan bry seg om skuledrifta og miljøet, sier FUG-leiaren.

Du kan lese her om kva oppgåver foreldra kan jobbe med i dei ulike verva på skulen.

Hennar erfaring er at det skjer mykje bra samarbeid mellom heim og skule. Det er god dialog jevnt over mellom skuleleiinga, lærarar og foreldra.

- Men alle, og foreldra, har plikt til å bidra til eit godt og konstruktivt samarbeid, seier ho.

Fornøyde foreldre FUGkonf13
(Foto: FUG)

Ein sosial arena

Det at foreldra kjenner kvarandre, har ein verdi i seg sjølv. Eit foreldremøte kan nyttast til å spørje om siste nytt frå andre foreldre, ta initiativ til ein fest eller tur, snakke om felles køyring, festreglar og nettvett.

- Mange foreldre tek på seg å være klassekontakt eller melder seg til dugnad, organisering av turar og natteramning. Det er og svært viktig i arbeidet med eit godt miljø i og rundt klassen. Og mange erfarer at det er moro!

-  Alle foreldre kan bidra, men nokon treng kan hende ei ekstra oppmuntring for å våge. Det kan vere du som gir den ekstra oppmuntringa – hvis du ikkje tek på deg oppgåva sjølve! Foreldre sitt egasjement tel mykje, seier Elisabeth Strengen Gundersen.

Finn gode heim-skuleeksempler her.

Foreldre teller i skolen banner
Animasjon: FUG