Barn og unge i dag er fødde inn i den digitale kvardagen, og dei meistrar teknologien utan problem. Dei fleste kommuniserer og oppdaterer kvarandre på ulike sosiale medieplattformer. Men dei nye kommunikasjonsformene har òg nokre uheldige sider, som uthenging og mobbing. Mobbinga tek nye former på nett og mobil.

Anonym mobbar

Eit kjenneteikn ved digital mobbing er at mobbaren kan vere anonym. Tidlegare innebar mobbing nesten alltid fysisk kontakt mellom den eller dei som mobba, og den som blei utsett for mobbing, og det var ofte snakk om verbal mobbing ansikt til ansikt. Med den teknologiske utviklinga har dette i mange tilfelle endra seg. Mobbaren kan vere anonym og treng ikkje lenger «vise ansiktet sitt» for offeret. Det kan vere vanskeleg å stoppe mobbinga, for offeret veit ofte ikkje kven mobbaren er.

Les om kva mobbing er

Vanskeleg å slette digital mobbing

Digital mobbing kan vere å sende stygge eller truande meldingar eller spreie bilete eller videoar av andre i ein situasjon som kan vere veldig nedverdigande for den som er utsett. Det er ekstra vondt og skamfullt å oppleve offentleg uthenging og krenking. Orda, bileta eller videoane kan ikkje berre slettast eller fjernast. Ofte er det slik at dei blir sende vidare, og ein mister kontrollen over kvar dei er.

Store konsekvensar

Mange barn og unge forstår ikkje at konsekvensane av slik mobbing kan bli langvarige og kan følgje mobbeofferet i lang tid, kanskje i fleire år. Mange tenkjer nok òg at så lenge foreldra eller dei føresette ikkje ser det som skjer på nettet, vil ikkje det dei gjer, få nokon konsekvensar. Andre tenkjer kanskje at det som skjer på nettet, ikkje er like alvorleg som det som skjer i verkelegheita, eller at den andre sikkert forstår at ein berre tulla.

Snakk med nokon!

Dersom du eller nokon du kjenner, opplever digital mobbing, bør du snakke med foreldra / dei føresette og med læraren eller sosialrådgivaren på skulen.

Les om kva du kan gjere dersom du opplever mobbing

Bør meldast til politiet

Derfor er det viktig å snakke om at erting og mobbing som kanskje kan ha verka uskyldig i byrjinga, kan få langt større konsekvensar når det skjer digitalt. Er innhaldet graverande nok, både kan og bør det meldast til politiet.

Politiet kan be om å få utlevert IP-adressa frå nettstaden. Ei IP-adresse er eit elektronisk spor som kan fortelje frå kva for ein PC biletet eller videoen blei lasta opp til nettet.

Vi tilrår å følgje Kripos sin Nettpatrulje på Facebook. Dei jobbar med å avdekkje kva for ei digital åtferd som bryt med norsk lov og personvern.

Sjå òg gode spørsmål og svar om biletspreiing på nett hos ung.no

Handlingsplan mot mobbing

Mange skular har eit antimobbeprogram eller ein handlingsplan mot mobbing, slik til dømes Ringsaker kommune har. Alle foreldre kan kontakte skulen for å høyre korleis leiarane og lærarane ved skulen etterlever desse planane. Dersom du veit at det skjer mobbing likevel, er det relevant å foreslå at dei ser på planane på nytt og oppdaterer eller endrar dei. Dette bør vere eit samarbeidsprosjekt mellom  FAU/SMU og skulen. 

Skulen har ei lovpålagt ansvar for at barn har det bra på skulen. Dersom barna ikkje har det bra fordi dei blir mobba på nett og mobil, har skulen eit ansvar for å hjelpe til med å stoppe mobbinga. 

Konfliktrådet

Digital mobbing kan òg bli behandla i konfliktrådet i distriktet der du bur. Då må den eller dei som har utført mobbinga, stå til ansvar for det dei har gjort.

Finn ditt konfliktråd

Foreldre er førebilete

I alt vi gjer, skriv og seier, er vi foreldre førebilete for barna våre. Det gjeld sjølvsagt òg i sosiale medium. FUG er blitt kontakta av skuletilsette og foreldre som fortel at foreldre snakkar negativt om lærarane på Facebook. Det tek vi avstand frå. 

Les om korleis foreldre kan skape eit godt skulemiljø

Nettvett i foreldremøte

Ein bør snakke om digital mobbing og dømmekraft på foreldremøta, uansett om temaet er mobbing generelt eller det psykososiale miljøet på skulen.

På sidene til Utdanningsdirektoratet, dubestemmer.no, ligg det gode filmar og materiell som kan brukast.

Mange skular får besøk av Bruk Hue-kampanjen. Der får elevane (i skuletida) og foreldra (på kvelden) sjå den same filmen, og dei blir utfordra på den same bodskapen og dei same problemstillingane.

Redd Barna har laga fleire nettvettfilmar som kan vere nyttige i foreldremøter, og dei har laga diskusjonskort til bruk på foreldremøtet (pdf).

Partnarskap mot mobbing

Partnerskap mot mobbing (2016 - 2020) har som formål å finne gode tiltak for å hindre, avdekkje og gripe inn mot mobbing – og digital mobbing. FUG og FUB er med i partnarskapet.
 

Viktige lenkjer

På desse nettstadene kan foreldre, elevar og andre få mange gode råd om korleis dei kan handtere digital mobbing og mobbing generelt:

Veileder for foreldre med barn i sosiale medier