Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Eit allsidig år for FUG

Det sitjande FUG-utvalet har hatt det andre året i sin utvalsperiode. 2017 har vore prega av arbeid med og synleggjering av dei prioritere sakene og rådgjeving til foreldre og andre om heim-skulesaker og samarbeid. 

Gunn Iren Müller med inkluderingsplakat (Foto:FUG)
Gunn Iren Müller med inkluderingsplakat (Foto:FUG)

Dei prioriterte sakene til FUG i 2017 har vore læringsmiljø, inkludert førebygging og handtering av mobbing, tilpassa opplæring, spesialundervisning, lærar- og rektorutdanning, opplæring av foreldre, rådsorgana i skulen og gratisprinsippet.

FUG opplever å vere tilgjengeleg for foreldre som tek kontakt, og får positive tilbakemeldingar på rådgiving og rettleiing, foredrag og kurs vi held for foreldre og skuletilsette.

Kjersti Falck holder foredrag
Kjersti Falck held foredrag (Foto: FUG)

Foredrag

FUG har fått melding om 620 saker på telefon og e-post.

I tillegg til rådgjevinga har FUG halde foredrag på skular, i kommunar og for Fylkesmannen i dei ulike fylka. Målgruppa er foreldre, lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar.

Det gir FUG eit nyttig innblikk i kva foreldra er opptekne av generelt, og kva utfordringar dei møter i samarbeidet med skulen.

Materiell

I 2018 blei det òg sendt ut materiell om inkludering til alle grunnskular etter oppdrag frå Partnerskap mot mobbing.

Ein oppdatert versjon av skulering av foreldrerepresentantar er òg send til alle rektorar for å bidra til auka kompetanse hos tillitsvalde foreldre.

For at så mange foreldre som mogleg skal få betre samarbeid med skulen sin, har FUG valt å vidareføre arbeidet med å møte skuleeigarar gjennom samlingar som Fylkesmannen arrangerer. Her blei marteriell til bruk for rektor og FAU-leiar presentert. 

FUG har saman med FUB halde kurs på Østlandsk lærerstevne, også for å rette søkjelyset på samarbeid.

Lesarinnlegg inkludering
(Foto av klipp frå RB)

Kommunikasjon

I 2017 har vi igjen sett besøksrekord på nettsida fug.no med 11 622 unike brukarar i snitt per månad. Det er 1371 fleire i snitt per månad enn året før, og over målet i strategien.

I løpet av året har sekretariatet, nettredaksjonen og ei kjernegruppe jobba vidare med å redesigne nettsida. Dette arbeidet held fram i 2018.

FUG har vore synleg med synspunkt i media og sosiale medium og har i 2017 handtert til saman 80 mediesaker.

Leiaren og medlemmene i FUG har fremja utvalet sitt syn i riks- og lokalmedia i saker som ny mobbelov, SFO-kvalitet, obligatoriske foreldremøte og heim–skule-samarbeidet som tema i lærarutdanninga.

I juni skreiv utvalet brev med tre oppmodingar til politikarane før valet. FUG har sendt ut seks nyheitsbrev i 2017.

Samisk foreldrekonferanse oversikt bak
Samisk foreldrekonferanse (Foto: FUG)

Samarbeid og høyringar

FUG har samarbeidd med mange nasjonale instansar, mellom anna Barneombodet, Elevorganisasjonen, KS, Utdanningsforbundet og NAFO. Det skjer i kontaktmøte, felles prosjekt og ulike arbeidsgrupper.

I slike forum har FUG fremja foreldreperspektivet i heim-skule-samarbeidet til beste for elevane, med ein intensjon om å gjere skulekvardagen betre for alle elevar.

FUG gav administrativ og økonomisk støtte til å planleggje og gjennomføre ein samisk foreldrekonferanse under Tråante 2017, arrangert av Samisk foreldrenettverk, Tråante 2017 og Senter for samiske studier, UiT.

FUG har gitt til saman 22 høyringssvar i 2017. Vedtaka og høyringssvara til FUG i sentrale saker blir òg publiserte i sosiale medium og på nettsida.

I juni vart det kjend at Regjeringa har valt å flytte sekretariatet for FUB og FUG til Bø i Telemark, noko utvala og sekretariatet har brukt mykje tid og merksemd på det siste halvåret av 2017.

Her finn du heile årsmeldinga for FUG og FUB 2017

Her finn du revisjonsberetninga 2017 og brevet om revisjonen frå Riksrevisjonen.