Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Elevane sitt skolemiljø (kap. 9 A)

Frå 1. august 2017 er opplæringslova endra for å sikre at elevar som ikkje har det trygt og godt på skolen skal få rask og god hjelp. 

Endringane gjeld opplæringslova kapittel 9 A som gjeld skolemiljøet. 9 A gjeld for alle elevar i offentlege skoler og friskolar, grunnskolar og vidaregåande skolar, samt på SFO og leksehjelp. Dei har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Om eleven ikkje opplever det slik, kan han/ho seie frå til ein tilsett ved skolen, og då har skolen plikt til å gjere noko med det. Det er eleven si oppleving som skal ligge til grunn for skolen si handlingsplikt. Nedanfor er utdrag frå endringane i kapittel 9 A i opplæringslova. Heile lova finn du lenke til i høyre marg.

  • Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

  • Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

  • Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka.

  • Skolen skal så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø.

  • Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

  • Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

    a) kva problem tiltaka skal løyse
    b) kva tiltak skolen har planlagt
    c) når tiltaka skal gjennomførast
    d) kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
    e) når tiltaka skal evaluerast. 

  • Om det mistenkast at ein som arbeider på skolen, utset ein elev for krenking, skal rektor straks varslast, og rektor skal varsle skoleeigaren.

  • Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Fylkesmannen.

  • Fylkesmannen kan bestemme kva skolen skal gjere for at eleven/elevane skal få det betre.

  • Skolen har plikt til å informere elevane og foreldra om rettane i dette kapitlet.

  • Elevane skal ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø.

  • Foreldra og rådsorgana skal haldast informert og delta så tidleg som mogleg i arbeidet med skolemiljøtiltak. 

  • Skoleeigaren kan få bot om ikkje skolen gjer nok for at eleven skal ha det trygt og godt.

 

Film

FUG har vore med på å utarbeide filmar om samarbeid mellom heim og skole. Filmane viser gode, praktiske døme på heim-skole-samarbeid både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Filmane er eit hjelpemiddel til både foreldre, lærarar og skoleleiinga i heile grunnopplæringa. Dei er dessutan eit konkret verktøy for lærarutdanningan når lærarstudentar skal førebu seg til heim-skole-samarbeidet. Se filmen om Når tilliten blir borteSe også filmen om Den utfordrende samtalen.