Det er ungdommane som skal vere saman kvar dag. Sjølv om det er dei vaksne som har ansvaret for å lage strukturar og rutinar, halde seg oppdaterte og slik sette rammene for skulemiljøet, er det barna som skal ha det bra i lag. 

Det er lurt at skulen involvere elevar, klasse, trinn og elevrådet i arbeidet med å skape eit godt skulemiljø. På den måten vert ungdommane bevisste på å vise omsorg og hjelpe kvarandre, og å inkludere – ikkje stengje ute - andre i leiken.

Sei ifrå til ein vaksen!

Noko av det viktigaste elevane kan gjere, er å seie ifrå til ein vaksen dersom dei sjølv eller nokon dei kjenner opplever mobbing eller krenking. Då er det avgjerande at dei vaksne høyrer etter og tek dei på alvor. Å stå opp for andre kan krevje mot og kan vere vanskelig, men man kan øve saman.

Elevane er viktige i råd og utval

Elevane jobbar òg saman i elevrådet, og dei skal vere representerte i Skolemiljøutvalget (SMU). Dei skal både på eiga hand og saman med foreldra og skulen jobbe for eit godt og trygt skulemiljø.