Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Elevvurdering

Vurdering av arbeidet til elevane er eit viktig grunnlag for samarbeidet mellom heim og skule. Foreldra skal ha informasjon om kva mål som er sette, og kva vurderingskriterium som blir brukte.

Det er viktig for at foreldra kan bidra til å fremje måloppnåinga til elevane og støtte læringsarbeidet på best mogleg måte.

Kva skal vurderast?
Kompetansemåla slik dei er formulerte i læreplanen, er grunnlaget for vurdering i faga. Oppnådd kompetanse er det elevane meistrar. Alle elevar har krav på å få vite kva eigen kompetanse består i.

Kvifor vurdering?
Vurdering skal fremje læring og utvikling hos elevane og styrkje motivasjonen for vidare læring. Vurderinga skal dokumentere elevkompetansen undervegs og til slutt i skuleløpet. Ulike vurderingsformer skal bidra til at elevane får eit godt og tilpassa opplæringstilbod.

Elevane skal få vite kvifor dei blir vurderte, dei må vite når dei blir vurderte, kva dei skal vurderast i, og kva vurderingsformer som blir brukte.

Undervegsvurdering
Elevane blir vurderte undervegs for at skulen skal kunne gi tilpassa opplæring og eventuelt forbetre opplæringa etter kva behov elevane har. Slik vurdering skal motivere eleven til vidare innsats og vere ei hjelp til å korrigere kursen i eige læringsarbeid om nødvendig. Ein kan gi undervegsvurdering både med og utan karakter.

Sluttvurdering
Sluttvurderinga skal dokumentere kompetansen til elevane etter at opplæringa er ferdig. Sluttvurderinga kjem til uttrykk i standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.