Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Er løysinga å ta igjen?

Min son blir plaga på skolen, og faren seier at han berre skal slå igjen. Er det verkeleg løysinga?

Svar:

I FUG sitt hefte "stopp mobbing" står denne lista ein må tenke på:

  • Er barnet ditt i stand til å slå igjen?
  • Ønskjer barnet å gjere det?
  • Er det ikkje berre det mobbaren ventar på?
  • Er du positiv til vald?
  • Kjem barnet til å tru at det er i orden å slå først?
  • Kjem det til å føre til fleire problem for barnet?
  • Klarer barnet å takle alle vennene til mobbaren òg?
  • Gjer du barnet ei bjørneteneste på denne måten?
  • Løyser dette problemet?

    FUG trur ikkje at det å slå igjen er løysinga på mobbing. Det er heller ikkje lov. Det kan gjere problema verre. Finn heller sammen med sonen din andre måtar å takle problema på.

Les meir om korleis de kan gjere det i heftet frå FUG: "Stopp mobbing - gode råd til foreldre".