Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Firda vidaregåande skule – ''meir enn ein skule''

– Firda vidaregåande skule er ”meir enn ein skule” og ser elevane sin kvardag i ein større samanheng. Dette står mellem anna i grunngjevinga til juryen for Dronning Sonjas skulepris 2017 som var delt ut i Sandane tysdag.

Dronning Sonja ankommer Firda vidaregåande skule (Foto: Udir)
(Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff)

Hennar Majestet Dronning Sonja vitja sjølv skulen i Sandane 28. november då prisen for likeverd og inkludering skulle delast ut for 12. gong. I år var 15 skular nominert.

- Firda vidaregåande er ein verdig vinnar. Skulen skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbyggjing gjennom sitt langvarige arbeid for å sjå heilskapen rundt elevanene, sa juryleiar Inga Bolstad mellom anna.

Elevar frå Firda vgs ventar på Dronning Sonja
(Foto: Gunn Iren Müller)

Mange bur på hybel

Firda vidaregåande skule har 378 elevplassar og 70 tilsette. Over halvparten av elevane bur på hybel, og skulen har eit tett samarbeid med heimane der elevane bur.

Skulen arbeider for dialog som ein grunnleggjande verdi, nyttar systematiske skolevurderingar saman med elevane og skuleeigar, og skil seg ut ved sitt samarbeid med fylket, kommunen og lokalmiljøet.

I grunngjevinga vert det og peika på tilbodet ”open skule”, eit sosialt nav for elevane, men og gjennom huskonsertar og hybelhus.

Elevmedvirkning er grunnleggjande på skulen, og Elevrådet har ei sentral rolle i skuledemokratiet.

Dronning Sonja med eige trykk
(Foto: Gunn Iren Müller)

Eige kunstverk

Dronninga vart teken i mot av elevrådsleiar Hanne Hjartholm og rektor Hallgeir Hansen då ho ankom. Elevar fra ulike skular i Sandane fremførte Nordfjordsongen og bidro med turn, dans, musikk og diktopplesing. 

Både kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og juryleiar Inga Bostad holdt talar, før Dronning Sonja delte ut prisen på 250 000 kroner og sitt eige trykk "Vekst".

Juryen for Dronning Sonjas Skolepris 2017 (Foto: Udir)
Juryen for Dronning Sonjas skulepris 2017 (Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff)

Verdig vinnar

FUG sit i juryen og FUG-leiar Gunn Iren Müller var og til stades på overrekkjinga i skulens sin store kultursal.

- Dette er ein flott skule med flotte ungdommar og tilsette som jobbar godt kvar dag for inkludering i praksis. Ein særs verdig vinnar, seier Müller. 

Forutan FUG sit Fagforbundet, Utdanningsforbundet, KS, Skuleleiarane, Elevorganisasjonen, URLU og Sametinget i juryen. Juryleiar er direktør Inga Bolstad frå Norsk Senter for menneskerettar.

Dronning Sonja deler ut skuleprisen 2017 til Firda vgs
(Foto: Gunn Iren Müller)
Dans på skuleprisutdelinga
(Foto: Gunn Iren Müller)