Glade barn

- Trivsel er det fyrste eg ser på når eg får Elevundersøkinga. Eg kan nesten sjå på eksamenskarakterane til 10. klasse kor godt dei trivst, uttalte skulesjef Helge Sæterdal i Sogn og Fjordane til BT i april.

Både FAU, SU og SMU bør bruke tid på å diskutere resultata frå sin skule og finne fram til tiltak som eventuelt trengst for å betre situasjonen.

- Trivsel og læring heng svært tett saman. Både Elevundersøkinga og Foreldreundersøkinga gir eit godt grunnlag for foreldre til å spele inn positive forslag til arbeidet med eit godt skulemiljø. Ut ifrå funna kan ein diskutere tema som storleik på klassane, personalressursar, uteareal, mobbing, klasseleiing og kommunikasjon, seier Gundersen.

Sjå dei lokale resultata fra Elevundersøkinga 2013 her.

Elever rekker opp hender

Nye spørsmål

Det er obligatorisk å gjennomføre Elevundersøkinga for 7. trinn, 10. trinn og Vg1 på hausten. Ved mange skular tek alle elevane undersøkinga.

Hausten 2013 deltok heile 400.000 elevar, som er rekord. Og elevar frå 5. trinn og 3. vgs deltok.

Ein del av spørsmåla i undersøkinga handlar om klasseleiing og relasjonar i skulen. Dette er dei viktigste faktorane for å utvikle og oppretthalde eit godt læringsmiljø.

Frå hausten 2013 blei spørsmåla i Elevundersøkinga revidert av Utdanningsdirektoratet. Mellom anna tok ein inn fire spørsmål om heim og skule og foreldra si støtte i skulearbeidet

Trugsmål, slag og spark

Dei nasjonale resultata frå Elevundersøkinga 2013 viste at færre elevar fortel om mobbing i 2013 enn i 2012, (4,2 % mot 6,8 %). Dette talet har halde seg stabilt på nasjonalt nivå sidan 2007. Frå 2012 til 2013 er nedgangen tydeleg.

Men derimot er tala på verbale krenkingar og utestenging illevarslande. Heile 11 prosent av elevane seier dei har opplevd å bli gjort narr av eller erta slik at dei blei lei seg, 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare.

Trugsmål, slag og spark blei og kartlagd. 3,3 prosent sa dei hadde opplevd å bli slått, sparka eller haldne fast slik at dei vart redde, 2 eller 3 gonger i månaden eller meir.

Dei fleiste svarer at det er medelevar som krenkjer, og det skjer oftast ute. Elevane svarer at skulen i liten grad kjenner til krenkingane, og mange seier dei ikkje få hjelp frå skulen.

Elisabeth Strengen Gundersen ny FUG-leder

Dramatisk

- Dette er dramatisk! Krenkingar kan både være starten på eller ein del av systematisk mobbing. Det er svært viktig at skulane og dei vaksne er bevisste dette og gjer noko så fort som mulig, seier FUG-leiaren.

- Eg oppmoder alle foreldre med verv i skulen til å sjå grundig på resultatene frå sin skule. Foreldre og skolen må sammen finne fram til tiltak som kan gjere slutt på uønske og uakseptabel åtferd, seier FUG-leiar Elisabeth Strengen Gundersen.

Sjå dei lokale resultata frå Elevundersøkinga 2013 her.