E. Strengen Gundersen

- Vi har lenge visst at skulen ikkje maktar å jamne ut dei sosiale skilla åleine. Forsking viser at dei skulane som får foreldra med på laget, auker trivselen og læringa til borna. Og det gjeld uansett kva slag utdanning foreldra sjølv har, seier FUG-leiaren.

Slutter undervegs

Litt meir enn 63 000 elevar starta i vidaregåande opplæring for fyrste gong i 2008. Om lag 71 prosent av desse elevane fullførte i løpet av fem år. Tilsvarande tal for 2007-kullet var 69 prosent.

Av dei 29 prosentane som ikkje fullførte vidaregåande i løpet av femårsperioden 2008-2013, slutta 16 prosent underveis, 6 prosent av elevane gjekk framleis i vidaregåande etter fem år og om lag 7 prosent avslutta opplæringa utan å ha oppnådd verken vitnemål eller fag-/svennebrev.

Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane hadde fleist elevar som fullførte vidaregåande i femårsperioden. Om lag 78 prosent av elevane oppnådde studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år.

Resultata frå dette fylket er spesielt interessante, meiner FUG-leiaren. Vi veit litt, men ikkje alt, om kvifor Sogn og Fjordane gjer det bra år etter år.

- Det vi veit er at kommunane i fylket har klåre forventningar til foreldra, og dei tek foreldra på alvor. I Førde skal til dømes alle dei ni barne- og ungdomsskulane utarbeide verdidokument som seier korleis dei ynskjer heim-skule-samarbeidet, seier Gundersen.

Karakterer frå gunnskulen

Dei karakterane elevane har med seg frå grunnskulen betyr mykje. Sjølvsagt fullfører elevar med gode karakterar frå grunnskulen i større grad den vidaregåande skulen enn elevar med dårligare karakterar.

- Det at jenter gjer det betre enn gutane i alle fag unntatt gym er eit spørsmål som opptek FUG og som vi håper å finne meir ut av. Krev skulen at gutane må sitje for mye i ro? spør FUG-leiaren.

Ho meiner alle tiltak som gjer auka mestring er bra. Til dømes ein meir praktisk retta ungdomsskule i alle fag, som FUG vonar vil virke over tid.

- Samstundes meiner FUG at fleire vaksne i skulen og kan bidra til betra gjennomstrøyminga. Fleire lærarar men og helsesystre og andre fagarbeidarar har lenge vore et ynskje frå foreldra. Fleire vaksne som ser barna kan og bidra til å hindre mobbing, sier ho.

- Det er og for tidlig å måle verknaden av at yrkesfaga  no er knytt opp til praksis alt frå fyrste året, og at det og er mogleg med fleire veival for å oppnå studiekompetanse.

- Bry deg!

- Dei ferske SSB-tala viser tydeleg at støtta frå oss foreldre er like viktig når elevane starter på ungdomsskulen som når dei er yngre. Sjølv om mange kan oppleve at leksene er meir kompliserte og kontakten med andre foreldre og med lærarane mindre, er det særs viktig å halde fram med å bry seg! seier ho.

Sjå fleire tal hos SSB her.