Foreldra

Det er foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga og opplæringa (barnelova), og skulen skal hjelpe foreldra med dette. 

Opplæringslova § 9 A er tydeleg på kva som er skulen sitt ansvar når det gjeld å skape eit godt og trygt skulemiljø. Men lova er ikkje tydeleg på når mobbing og krenking er skulen sitt ansvar, og når det er foreldra sitt ansvar. Det som skjer på fritida, og det som skjer på skulen, heng ofte saman, og barn som blir mobba på skulen, blir ofte utsette for digital mobbing òg.

Mange gonger veit lærarane meir enn foreldra om kva som skjer, for dei ser at noko er gale mellom elevane. Denne informasjonen er viktig for foreldra.

Les om kva ein kan gjere når skulemiljøet ikkje er bra og samarbeidet ikkje fungerer

Les om korleis du kan vere med og skape eit godt skulemiljø

Elevane

Barna sjølve er dei som skal vere saman kvar dag. Sjølv om det er dei vaksne som har ansvaret for å lage strukturar og rutinar, halde seg oppdaterte og slik sette rammene for skulemiljøet, er det barna som skal ha det bra i lag. 

Involver barna!

Dersom barna sjølve er bevisste på å vise omsorg og hjelpe kvarandre, lærer å inkludere kvarandre i leiken og ikkje stengjer andre ute, er dei med på å skape eit godt skulemiljø. 

Noko av det viktigaste barna kan gjere, er å seie frå til ein vaksen dersom dei sjølve eller nokon dei kjenner, opplever mobbing eller krenking. Då er det avgjerande at dei vaksne lyttar og tek barna på alvor.

Elevane jobbar òg saman i elevrådet, og dei skal vere representerte i skulemiljøutvalget (SMU). Dei skal både på eiga hand og saman med foreldra og skulen jobbe for eit godt og trygt skulemiljø.

Les om korleis elevane kan vere med og skape eit godt skulemiljø

Foreldra har krav på og vil ha informasjon raskt

Dersom det skjer noko på skulen som barna er involverte i, ønskjer foreldra god kontakt og rask informasjon frå kontaktlæraren. Foreldra må kunne stole på at dei får vite korleis barna har det, og at dei får beskjed dersom det er noko.

Kontaktlæraren vil som regel vere den første foreldra kontaktar. Det er viktig å møte foreldra på ein god måte, lytte og følgje opp, uansett om det gjeld eit barn som blir mobba, eit barn som mobbar, eller andre ting. 

Når skal foreldra få beskjed om hendingar? 

Elevane og foreldra skal få nok informasjon til å kunne vurdere om barna får oppfylt rettane sine, og kva dei eventuelt skal gjere for å sørgje for at dei får det. Dei må derfor få beskjed og inviterast til å samarbeide tidleg. Foreldra kan bidra til å undersøkje kva som har skjedd. 

Les om kva slags informasjon foreldra har krav på