Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Foreldremøter

På foreldremøtet møter du læraren og dei andre foreldra frå gruppa/klassen. Eit godt foreldrefellesskap er til beste for barna. Det er viktig for barna at foreldra interesserer seg for det som skjer på skulen.

Foreldremøta bør planleggjast og gjennomførast i samarbeid mellom kontaktlæraren og foreldrekontaktane. Eit godt foreldremøte er prega av aktivitet og dialog og ikkje berre informasjon frå skulen.

Still spørsmål!

På foreldremøtet kan du til dømes spørje om dette:

• Kva forventingar har skulen til oss som foreldre?
• Kva kan eg forvente av skulen?
• Kva kan eg gjere for å følgje opp skulegangen heime?
• Korleis kan eg bidra til eit godt sosialt fellesskap og eit godt læringsmiljø?

Film

FUG har vore med å utarbeide filmar om samarbeid mellom heimen og skulen. Filmane viser gode, praktiske døme på heim-skule-samarbeid både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Filmane er eit hjelpemiddel til både foreldra, lærarane og skuleleiinga i heile grunnopplæringa. Dei er dessutan eit konkret verktøy for lærarutdanninga når lærarstudentar skal førebu seg til heim-skule-samarbeidet. 

Sjå filmen om foreldremøte.