En nettressurs for
foreldre med barn i skolen

Kva er eit foreldrenettverk?

"Foreldrenettverk" vil seia at foreldre til barn som er mykje saman (til dømes ei klasse eller eit klassetrinn) blir kjent med kvarandre, slik at dei på ein naturleg måte kan ha ein del kontakt og samvær for å drøfte forhold av felles interesse som dreie seg om barna. Foreldrenettverk kan vere møtepunkt der foreldre treffast for å diskutere og utveksle erfaringar, relatert til daglegdagse utfordringar knytte til ungdomsåra og foreldrerolla.

Foreldrenettverket legg til rette for at foreldra blir betre kjent med dei andre vaksne og elevane i klassen. Dette virke førebyggjande på fleire plan:

  • det auke trivselen til både elevar og foreldre
  • det gjer felles tilknyting til klassen/skulen
  • det legg grunnlaget for inkludering i det sosiale fellesskapet
  • det gje hjelp til utvikling av felles normer og reglar blant dei vaksne
Felles reglar
Foreldre i ei skuleklasse kan bli einige om felles reglar for ungdommane, og dei kan bli samde om å varsle kvarandre, dersom det skulle vere noko på gang. Dei kan ikkje alltid vere heime eller tilgjengelege for ungdommane sine. Men med eit godt foreldrenettverk kan dei passe på kvarandre sine barn. Dette skaper tryggleik både for ungdommar og for vaksne.
 
Ungdom og ungdomstid er ei førestilling som romme så mykje at det knapt kan gje nokre enkle og utfyllende beskrivingar av kva som er typisk. Kvart barn og kvar ungdom er unik, "normalen" er vid og det er eit hav av forskjell på å vere 13 og å ha fylt 19. På same måte vil vi som foreldre vere ulike. Dei fleste tenåringsforeldre møte mange av dei same utfordringane, frustrasjonane, gleda og bekymringane i denne tida. Dette kan det vere fint og lurt å snakke med andre i same situasjon.

Skaper tryggleik

I og med at ungdommane veit at foreldra kjem saman, diskutere og bryr seg om alle i klassen og klassemiljøet, vil dette gje ein tryggleik hos dei, og det vil føre til at dei blir litt meir medvetne på kva dei gjer. Det blir kanskje ikkje så lett å mobbe eller holde nokon utanfor, vere den første som tøffar seg med røyken, eller den første som tar ein øl på fest når den tid kjem.

Kjelde: Stavanger KFU