Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Forskning om hjem-skole-samarbeid

Kva foreldra har å seie for læringa og utviklinga til barna

Forskinga viser at foreldra er svært viktige for læringa og utviklinga til barna, derfor er det viktig å arbeide for å styrkje rolla og betydninga til alle foreldre. I staden for å kompensere for foreldra burde ein altså, ifølgje forskingsresultat, i sterkare grad setje i verk tiltak for å støtte dei.

Hjelp til foreldra

Ut frå det gjeldande lov- og regelverket er det foreldra som har hovudansvaret for opplæringa til barna. Skulen skal hjelpe foreldra med å realisere denne oppgåva. Det føreset at heimen og skulen har eit nært samarbeid. Mykje tyder på at eit positivt samarbeid mellom heimen og skulen er svært viktig for at barn og unge skal få realisert evnene, anlegga og interessene sine på ein god måte.

Ei rekkje studiar har òg gått nærmare inn på kva forhold i heimen som bidreg til god fagleg utvikling hos elevane. Her er ei gruppe faktorar som synest å vere viktige i denne samanhengen:

• Verdiane som foreldra formidlar
• Forventingane som blir stilte til barnet
• Aktivitetane barnet engasjerer seg i som følgje av forventingane som dominerer i heimemiljøet
• Det at foreldra verdset godt arbeid frå eleven og signaliserer at dei set pris på at han/ho jobbar hardt
• Det at foreldra involverer seg og støttar og rettleier barnet i samband med fagleg arbeid
• Det at foreldra engasjerer seg i samtale med barnet, viser interesse for kva det held på med, og oppmuntrar barnet når det prøver å meistre oppgåvene det arbeider med.

Ei studie av ungdom

Foreldra er altså viktige for læringa til barna, og ikkje berre mens barna er små. Ei større norsk undersøking i ungdomsskulen sette fokus på kva faktorar som bidreg til at elevane lærer. Det viste seg at foreldra hadde mykje å seie for kva utbytte ungdommane hadde av skulearbeidet.

Undersøkinga viste at det er føresetnadane til elevane og dei læringsstrategiar dei møtte undervisninga med, som hadde mest å seie for kva utbytte dei hadde av opplæringa. Jo meir interesserte elevane var i eit fagområde, og jo hyppigare dei sette seg mål, arbeidde systematisk og reflekterte rundt det dei gjorde, desto betre blei prestasjonane.
 
Vidare forklarte forhold i heimen mykje av elevprestasjonane, mens dei forholda ved skulen og undervisninga som blei registrerte, hadde mindre å seie for kva elevane presterte. Det tyder på at føresetnadene for fagleg framgang særleg blir utvikla gjennom den påverknaden og stimuleringa elevane får i heimemiljøet heilt frå tidleg barndom, mens påverknaden i skulen verkar å vere mindre viktig for det utbyttet dei får av opplæringa.
 
Sjølv i tiande klasse oppgav eit stort fleirtal av elevane at foreldra hjelpte dei med leksene, høyrde dei i leksene og diskuterte faglege spørsmål med dei. Denne tendensen til å søkje fagleg hjelp og støtte frå foreldra var sterkare hos jentene enn hos gutane, og det var også jentene som gjennomgåande presterte best på skulen.

Samarbeid mellom heimen og skulen

Sidan det verkar som om foreldra er svært viktige for læringa til barn og unge, er det òg i skulen si interesse å leggje til rette for eit samarbeid med heimen som er prega av likeverd og gjensidigheit. Når foreldra får påverke opplæringa til sine eigne barn i større grad, er det rimeleg å tru at dei òg blir meir interesserte i arbeidet til barna.
 
Ein nyare norsk studie av skule-heim-samarbeid i Noreg viser at foreldra får mykje informasjon frå skulen, mens den reelle påverknaden dei har på det som skjer i skulen, er svært liten. Det inneber at det blir forventa at foreldra engasjerer seg på skulen sine premissar. Den reelle medbestemminga og påverknaden deira er avgrensa til praktiske forhold som har mindre å seie for opplæringa til elevane, mens dei har lite å seie når det gjeld spørsmål rundt sjølve opplæringa.

Gjensidig

Dersom foreldra skal engasjere seg i det som skjer på skulen, er det viktig at det blir lagt til rette for eit likeverdig samarbeid. Eit gjensidig og likeverdig samarbeid bør ikkje berre bestå i at foreldra er lydhøyre overfor forventingane til skulen.
 
Foreldra må òg sjølve uttrykkje forventingar og krav til skulen, og slike forventingar kan mellom anna diskuterast med andre foreldre og lærarar. Skulen må få tilbakemelding på korleis han oppfyller forventingane til foreldra.
 
Vel så viktig som å kunne føre ein gjensidig dialog på foreldremøte og i konferansetimar er evna skulen har til å involvere foreldra i eit likeverdig samarbeid om elevane sitt daglege arbeid med faglege spørsmål. Kva evne skulen har til å ta del i eit gjensidig samarbeid med foreldra om det daglege arbeidet til eleven, kan vi sjå som eit viktig aspekt ved den pedagogiske kvaliteten til skulen. Reint praktisk kan det bestå i at elevane får oppgåver på skulen der løysinga føreset at dei nyttiggjer seg kunnskapane og erfaringane til foreldra.
 
Kjelder:
- Thomas Nordahl: "Samarbeid mellom hjem og skole"
- Asbjørn Birkemo: ”Læringsmiljø og utvikling”