For skuleåret 2012/13 har partane bestemt å setje i gang ein kampanje som gir auka toleranse for kvarandre og sikrar god inkludering.
 
Alle barn, uavhengig av kjønn, seksualitet, religion, etnisitet, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn skal oppleva å bli akseptert og inkludert i fellesskapet. Partane peika på viktigheita av venskap og samarbeid for å få til dette.

Må skje kontinuerleg

-  Arbeidet mot mobbing skal vera eit kontinuerleg arbeid som må prega alt læringsarbeid i barnehagane, skulefritidsordningane, i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

- I tillegg er det viktig at andre barne- ungdomstilbod som er i kommunane, deltar aktivt for å fremje eit trygt, godt og inkluderande miljø, sa statssekretær Elisabet Dahle som leia møtet.

- Fleire kommunar må med!

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) har vært part til Manifest mot mobbing heilt frå starten. Det siste vart underteikna i 2011 og gjeld til 2014.

I denne periode har det vore viktig å forankre arbeidet lokalt og få alle ordførarane til å underskrive lokale manifest. Per 1. februar har heile 324 kommunar skrive under.

- Men endå fleire kommuner må med, og vi håpar at dei siste kjem raskt etter, seier FUG-leiar Christopher Beckham. Han meiner den ferske dommen frå Høgsterett der Kristiansand kommune er dømd til å betale eit mobbeoffer over 900.000 kroner, er eit særs godt døme på det ansvaret skulen og kommunen har for å forebyggje mobbing, og til å gripe inn raskt. 

Kampanjeveka er i veke 36.