Før lunsj snakkar FUG-leiaren under overskrifta ”Behov for meir kunnskap”. FUG vil vektleggje at det trengs meir forskning om kva som skal til for å få til eit godt heim-skule-samarbeid, sjølv om forskning for lengst har slege fast at dette er avgjerande viktig.

Vi siterer Thomas Nordahl (2015):

”Foreldrenes innsats er viktigere enn deres utdanningsnivå. Når du får støtte fra dine foreldre knyttet til skolegangen, kombinert med klare forventninger, bidrar det til at barn strekker seg litt mer, og de yter en økt arbeidsinnsats. Det er det som gjør at elever lærer mer.”

FUG-leiaren vil vidare peike på at Opplæringslova pålegg kommunen og fylkeskommunen å syte for samarbeid med foreldre, høvevis i grunnskolen og i vidaregående opplæring.
 

Gunn Iren Müller gir innspill til Stoltenbergutvalget

Tilpassa opplæring

Etter lunsj skal FUG-leiaren spele inn forslag til tiltak som har med sjølve organiseringa og innhaldet i skulen å gjere.

Ho vil løfte fram klassestorleik, tilpassa opplæring, også for elevar med stort læringspotensial, eit frivillig ellevte skuleår og framskutt eller utsatt skulestart som viktige moment.

FUG får årleg mange henvendelser frå foreldre som opplever at dei ikkje vert høyrd når dei snakkar med skulen om manglande tilpasning.

Forskning syner at dei viktigaste faktorane for underprestasjon er mangel på tilpassa opplæring, mangel på stimulering og utvikling av gode læringsstrategiar og/eller negative relasjonar til lærarar og medelevar (Siegle, 2013).

Må inn i udanninga

FUG meiner at kunnskap om elevar med stort læringspotensial må inn i skoleleleiar- og lærerutdanninga, utdanning i spesialpedagogikk og utdanning til PPT.

Vidare meiner FUG at alle kommuner må ha ein fagperson med kompetanse på feltet for å bistå skulane, at kvar skule må ha eigen plan for elevar med denne type utfordring og at kommunane må bli målt på fagleg utvikling også for denne gruppa.

Her finn du del ein og del to av dei to presentasjonane med innspel frå FUG til Stoltenbergutvalet 27. november 2018.

Stoltenbergutvalet, leia av Camilla Stoltenberg, ser på kjønnsskilnadane i skulen og kvifor gutar er overrepresenterte på fleire negative statistikkar, til dømes enkeltvedtak om spesialundervisning og fråfall. Forslag til tiltak skal leggjast fram i februar 2019.