I den opne høyringa for utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget, la nestleiar i FUG, Marie Skinstad-Jansen, fram utvalet sitt syn på Stortingsmelding 6 "Tett på - tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO".   

Ho peika på at forskninga er eintydig på at eit godt samarbeid mellom heim og skule speler positivt inn på resultata til eleven, både fagleg og sosialt.  

  • FUG ynskjer meir forskning på heim-skule-samarbeid for å finne ut korleis dette skjer i dag, og kva som skal til for at dette skal funger godt. 
     
  • FUG ynskjer og auka kompetanse på heim-skule-samarbeid i lærar- og rektorutdanninga, og hos tilsette i skulen.
Nestleder FUG Marie Skinstad-Jansen i høring
(Foto: FUB)

Dårleg kommunikasjon

Kvart år tek fleire enn 500 personar kontakt med FUG, dei fleiste er foreldre. I nær halvparten av sakene fortel foreldra om dårleg kommunikasjon med skulen. 

Foreldra tek kontakt med skulen for å finne løysningar på noko som ikkje fungerer, men opplever i staden at dei vert sett på som eit problem.

- Dette gjer situasjonen endå meir vanskeleg for foreldra, ofte og for skulen. Kvifor er det slik? Handlar det om tid og ressursar eller mangel på kompetanse? spurde Skinstad-Jansen i høyringa. 

Foreldre ein nøkkelfaktor

To skular som jobba godt med dette er Vestli skule i Oslo og Huseby skole i Eigersund. Dei har skjønt at foreldra er ein nøkkelfaktor i skulen sitt arbeid.

Dei har gått nye, og kanskje utradisjonelle vegar for å kunne etablere tillit og ein god relasjon med foreldra, der dette i utgangspunktet kan være krevjande eller vanskeleg. 

Godt samarbeid mellom heim og skule er særleg viktig i overgangane, meiner FUG. Dei peikar på tiltak som utsett eller framskoten skulestart og god oppstart i SFO/fyrste trinn og god dialog på førehand mellom alle involverte. 

Glade barn i gresset
(Foto: Colourbox)

Endeleg rammeplan for SFO

FUG er svært glad for endeleg å få ein rammeplan for SFO, og er positive til fokuset på leik, integrering, kosthald og fysisk aktivitet. 

- Men me savner tydelege krav til samarbeid med foreldrene, og ynskjer og at det vert sett ein makspris for foreldrebetaling for SFO, sa Skinstad-Jansen mellom anna. 

Laget rundt eleven har vore viktig for FUG, og dei tiltaka som ligg føre samsvarer langt på veg med FUG sine ynskjer om å sikre godt koordinerte, tverrfaglege tenestar. 

- Det må være kort veg til hjelpeapparatet for elevane, og hjelpeapparatet må ha kapasitet til å rettleie skulane slik at dei vert «det nærmaste laget» rundt elevane i skulekvardagen, påpeika FUG. 

FUG er og svært nøgd med at retten til spesialundervisning vert ståande. Dette har vore det siste halmstrået for foreldre som opplever at barna deira ikkje får ei opplæring dei har utbytte av. 

Betre internkontroll

Eit godt system for internkontroll og tilsyn er grunnleggjande for at lokalbefolkninga skal ha tillit til skulen sin. FUG er uroa over om dette systemet er godt nok. 

- Når kommunen i utgangspunktet skal gjennomføre internkontroll på eigne verksemder, ser vi at kommuneøkonomien kan påverke resultatet. Dette blir bukken og havresekken, skriv FUG i sitt notat. 

- Det blir derfor viktig at fylkesmannen og ser på kvaliteten på kommunen sin internkontroll i sine tilsyn, ikkje bare at kommunen har eit system for det. Vi ser og at dei ulike fylkesmannsembeta vurderer saker ulikt. 

FUG ber derfor om at det vert sett inn tiltak for å tilstrebe uavhengige tilsyn og likare praksis, sa Skinstad-Jansen i den ponehøyringa.

Sjå heile notatet frå FUG her. PDF document ODT document