Sunn skulemat

- Læring og næring heng saman. Det gjer og læring og fysisk aktivitet. Derfor meiner vi at skulen må satse på eit like godt tilbod til alle elevar om dette, seier FUG-leiar Christopher Beckham.

I sitt møte 15. mars var dette ei prioritert sak for FUG. Rett over påske skal FUG møte helseminister Jonas Gahr Støre for å ta opp saker om skule og helse.

Lang nok pause

Debatten har gått i mange år i Noreg om korleis ei god skulematordning bør vere. No som valkampen nærmar seg, aukar han i styrke i dei ulike politiske partia. I februar tok helseministeren til orde for ei slags dugnadsordning der og foreldra må vere innstilte på å betale litt for sunn skulemat.

- Dette er FUG i mot. Skulen skal vere sosialt utjamnande. Ein slik ”dugnad” meiner vi vil skape eit skilje mellom dei familiane som har råd til sunn mat og dei som ikkje har det, seier Beckham.

FUG meiner det må settast av god nok tid til matpause for elevane, minst 20 minuttar med tilsyn. Forutan eit sunt og gratis måltid for alle i grunnskulen kvar dag, krev FUG at tilbodet om gratis frukt og grønt skal gjelde heile grunnskulen.

FUG-leder Christopher Beckham_13

Gode løysingar

- Vi må ta forskinga på alvor, og ho er heilt klår: Mat og skuleprestasjonar heng saman. Vi veit at særleg på ungdomsskulen slurvar dei unge med frukosten eller dei dropper matpakka. Kiosken i storefri blir ei dårleg løysing, ofte med usunn mat, sier Beckham.

I dag har mange ungdomsskular og vidaregåande skular ulike ordningar med servering av mat. Nokon stader kan elevane kjøpa seg varm mat. Men denne maten er ikkje alltid like sunn. Og han er ikkje gratis.

Helseteneste

FUG ønskjer og at alle elevar vert sikra eit godt skulehelsetilbod uansett kvar dei bur i landet. Dei ber regjeringa ta initiativ til ei utgreiing om skulehelsetenesta, for å finne ut korleis stoda er. Målet er å sikre at alle elevar i grunnopplæringa får tilbod om og tilgang til ei god teneste.

- Ein del kommunar har dessverre ikkje råd til å ha eit bemanna helsekontor på skulen i meir enn nokre få timar pr. veke. Helsesystra har ansvaret for ei rekkje skular i området. Det gjer at tenesta ikkje kan jobbe forebyggjande, slik ho var meint å gjere. Elevane kan heller ikkje rekne med å få råd og hjelp når dei kanskje treng det mest. Dette vil vi endre på, seier Beckham.