– Vi står samla bak at trafikk- og sykkelopplæringa må tilbake i læreplanane slik at barna våre får kunnskapen og ferdigheitene dei treng for å kunne sykle og gå trygt. Dette er viktig uavhengig om vi har eit trafikk-, miljø- eller helseperspektiv, seier Ragnhild Meisfjord, opplæringssjef i Trygg Trafikk.

FUG-utvalet er einig og har skrive under på fråsegna som reagerer mot at kunnskap om trafikk og trafikksikring er fjerna som kompetansemål i skissa til dei nye læreplanane.

Dette er ei sak det er naturleg for FUG å stilla seg bak. FUG er med i Hjartesone, som er ein felles dugnad for trygg skuleveg, fleire elevar som syklar og går, betre helse og miljø. Mange skular rundt om i landet har oppretta slike bilfrie soner der barna kan ferdast trygt i området til og frå skulen.

Bak dugnaden Hjartesone står Statens vegvesen, Helsedirektoratet, FUG, Miljøagentane, Syklistenes landsforening og Trygg Trafikk.

Nullvisjon

I fråsegna peikar aktørane mellom anna på at fjerninga av sykkel- og trafikkopplæring frå dei nye læreplanane skjer trass i ei rekkje nasjonale vedtak og føringar om at barnehage og skule er viktige arenaer for førebyggjing i trafikken.

Til dømes dette:

  • Regjeringa vil styrkje kompetansen om trafikksikring i barnehage og skule, jf. Meld. St. 33 Nasjonal transportplan 2018-2029, Barnas transportplan.
     
  • Myndigheitene har omtala opplæringa av barn og unge som eit særs viktig forebyggjande tiltak i trafikksikringsarbeidet, og barnehage og skule som viktige fellesarenaer for det einskilde barn si læring og utvikling, jf. Meld. St. 40 (2015-2016).
     
  • Nullvisjonen for drepte og hardt skadde i vegtrafikk

- Foreldra har sjølvsagt hovudansvaret for trafikksikringa til sine eigne barn og deira trafikkforståing. Men kompetansen og innsatsen til foreldra varierer, og skulen er ein viktig fellesarena for læring. Her når vi alle barna, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Her er fellesfråsegna