Følgegruppe
(Foto: Trygg Trafikk)

- Fylgjegrupper er med på å sikre eit trygt og godt psykososialt miljø for barna, og dei er godt eigna som samarbeidsarena for dei vaksne, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Gunn Iren Müller i trafikken
(Foto: FUG)

Foreldre køyrer

Mange foreldre køyrer barna sine heilt fram til skulen, og dette gjer at det oppstår farlege situasjonar ved og rundt skulen. Årsaka til det kan vere kryss og uoversiktlege punkt i trafikken som er ein del av skulevegen til barna.

- Foreldra kjenner barna sine best og kan påverke dei meir enn nokon andre. Det gjeld og haldningar i trafikken, forsiktig ferdsel, bruk av refleks og hjelm, til dømes.

- Samstundes er foreldra og rollemodellar med tanke på gode helsevanar knytte til fysisk aktivitet, meiner FUG-leiar Gunn Iren Müller.

Organisering

Foreldra kan og avlaste kvarandre ved å organisere seg i fylgjegrupper. Dei går i turnus og blir einige om ein fast stad der barna og ein ansvarleg vaksen møtest kvar dag. Foreldra fylgjer så barna til ein trafikksikker stad, kanskje til ei hjartesone, rundt skulen.

Dei same foreldra eller ei anna foreldregruppe vil seinare på dagen hjelpe barna tilbake frå skulen. Fylgjegruppene kan organiserast i klassane, på tvers av klassar eller i nabolag.

- Eit godt opplegg med fylgjegrupper vil gjere det lettare for småbarnsforeldre å kombinere foreldrerolla med jobb, samstundes som dei vert kjende med kvarandre og med barna, seier Gunn Iren Müller.