FUG sitt sekretariat vil ha redusert bemanning i juli. Det medfører og redusert aktivitet på heimesida vår og i dei sosiale kanalane.

Men vi kjem sterkt attende i august og vonar alle nyttar ferien til å samle nye krefter og inspirasjon til eit nytt skuleår.

- Det er mange spennande og viktige saker vi foreldre kan engasjere oss i. Tenk over om du kunne ta på deg eit verv på din skule når hausten kjem. Det er viktig å fremje eit godt heim-skule-samarbeid, og vi treng spesielt fleire fedre i dette arbeidet! seier FUG-leiar Christopher Beckham.

Som vanleg vil FUG også i haust halde sin Foreldrekonferanse på Clarion Hotel Oslo Airport på Gardermoen. Den skjer helga 19. – 20. oktober.

Informasjon, program og skjema for påmelding vert lagd ut på heimesida vår i starten av september – følg med!

God sommar!