- Eg vonar alle nyttar ferien til å samle nye krefter og inspirasjon til eit nytt skuleår. Samstundes vil eg gje honnør til alle dei elevane og lærarane som nytter ferien til å lære meir, seier FUG-leiar Elisabeth Strengen Gundersen.

Ho oppmodar og alle til å ha eit ekstra blikk for om det er nokon som treng å få litt merksemd eller oppmuntring i løpet av sommaren, i tillegg til eins næraste.

Les Dagbladet i dag om rapdouen Tonna Brix som er kobla til Unicef-prosjektet DENene og Feriesentralen. På denne nettsentralen kan ein både få og gje tips om aktivitetar.

FUG sitt sekretariat vil ha redusert bemanning i juli. Det medfører og redusert aktivitet på heimesida vår og i dei sosiale kanalene.

Men vi kjem sterkt attende i august!

God sommar!