Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Gode døme på leksehjelp

Mange skular har leksehjelp, men foreldra bør likevel halde fram med å hjelpe barna med skulearbeidet. Det er viktig med eit godt samarbeid mellom heimen og skulen på dette området òg. Her er nokre døme på det.

Fokus på dialog med foreldre

Gjellerås skole i Skedsmo ønskjer at foreldra skal vere med i leksegruppa for å erfare korleis dei kan hjelpe barna sine. Mange foreldre har erfart at dei kan hjelpe barna med leksene uavhengig av norskkunnskapar og eigne kvalifikasjonar.

Leksehjelpa er basert på at elevane skal få hjelp og støtte til å gjere lekser. Skulen skriv ein kontrakt med kvar enkelt heim. Foreldra er så langt som mogleg med på leksegruppa ein gong i veka. Fokus er på kontakt og dialog med foreldra for å få dei til å ta ansvar for skulegangen til barna. Det blir lagt vekt på rutinar og arbeidsvanar (læringsstrategiar) og på lesetrening.

Skulen arrangerer informasjons- og trivselssamlingar for foreldra der dei informerer om lesing og læringsstrategiar. For foreldre med ein annan språkbakgrunn er det lagt vekt på korleis dei ved å bruke morsmålet kan styrkje innhaldsforståinga og omgrepsutviklinga til barna.

Suksessfaktorar

• Det er viktig at skuleleiinga er involvert i prosjektet, og at ressursane som blir brukte, er timeplanlagde.
• Lærarane som skal drive leksehjelpstilbodet, må kjenne undervisningsopplegga godt, og dei må vite kva dei kan krevje av den enkelte.
• Leksehjelparane må ha erfaring med foreldresamarbeid.
• Det er fint om elevane har tilgang til PC og bruker den til leksearbeid ved behov.
 

Kritiske faktorar

• Foreldra må med jamne mellomrom minnast på avtalen dei har inngått.
• Nokre foreldre har problem med å delta på leksegruppa slik dei har avtalt.
• Mange elevar har ikkje med seg mat. Det burde vore eit mattilbod på skulen, slik at elevane får ein matpause før dei startar.

Erfaringar

Skulen har erfart at elevane får betre arbeidsvanar og betre faglege prestasjonar. Foreldra som deltek i prosjektet, har blitt tryggare på skulen. Mange foreldre har erfart at dei kan hjelpe barna med leksene uavhengig av norskkunnskapar og eigne kvalifikasjonar. Mange av dei eldre elevane har lagt seg til betre arbeidsvanar og læringsstrategiar som følgje av prosjektet.

Skulen ser så langt at foreldre med innvandrar- eller flyktningbakgrunn er den gruppa med størst behov for utvida samarbeid. Mange har lite kunnskap om den norske skulen, og mange slit med psykosomatiske lidingar. Fleire deltek ikkje i leksesamarbeidet når dei ser at barnet får hjelp. Skulen ønskjer at desse foreldra skal delta i og involverast i skulekvardagen til barna i større grad enn i dag. Dei reknar med at dei òg må ta i bruk heimebesøk for å nå enkelte foreldre.

Kontakt mellom heimen og skulen

Skulen erfarte at dei måtte arbeide litt med å få foreldra til å stille, men trass i enkelte utfordringar har oppmøtet frå foreldra vore bra. Det er blitt etablert eit godt forhold mellom skulen og foreldra. Leksegruppene er blitt eit naturleg kontaktpunkt mellom heimen og skulen. Foreldra opplever at det er lettare å følgje med i skulekvardagen til barna etter at dei begynte å vere med på leksegruppa.

Foreldra som faglege rettleiarar

Bindalsprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom heimen, skulen og biblioteket om skriftspråkutviklinga hos elevane gjennom Høgskolen i Nesna.

Prosjektet ønskjer å utvikle eit kompetanseprogram som resultat av systematisk samarbeid mellom foreldra, lærarane og biblioteket om lese- og skriveutviklinga til elevane. Sentralt i programmet er foreldre som faglege rettleiarar, kompetansebehov og korleis lærarar og bibliotekarar kan medverke i denne samanhengen.
 
Foreldra speler ei stor rolle i skriftspråksutviklinga i heile læringsperioden. Gode lese- og skriveevner har mykje å seie for eigenverdi, læring og medverknad heile livet igjennom. Barn les ulikt, men nyare forsking viser at interessa frå foreldra er den beste garantien for ei positiv læring av skriftspråk og aktiv påverknad av lese- og skriveutvikling gjennom førskule- og skulealder. Foreldra har kontakt med skulen og biblioteket i praktiske samanhengar, men har i liten grad blitt sett på som faglege rettleiarar i samband med undervisninga.

Prosjektet ønskjer å styrkje foreldra som faglege rettleiarar. Å vere fagleg rettleiar vil seie at foreldra får kunnskap både om korleis dei kan leggje til rette for eit godt læringsmiljø, og om korleis dei kan gi støtte og råd i lese- og skrivelæringa heime. Foreldra er ikkje utan vidare kompetente til å ta ansvar for denne oppgåva, og heimen, skulen og biblioteket har heller ikkje nok erfaring med å samarbeide for felles læring.

Les om prosjektet her