Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Gode overgangar viktige for barn og foreldre

Gode overganger FUB og FUG

Å få til gode overgangar mellom barnehage og skule/SFO, og mellom skuleslag, er viktig for alle barn og foreldre. FUB og FUG har nedsett ei arbeidsgruppe for overgangar.

- Det er avgjerande at overgangen frå barnehage til skule blir føreseieleg og trygg. Med gode førebuingar kan opplevinga av skulestart og heile skuletida bli vellukka og god for barnet, seier nestleiar i FUG, Ole Petter Østerbø.

FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen er oppteken av at foreldra si oppleving av overgangen frå barnehage til skule og SFO er god, fordi den påverkar barnet si oppleving av skulestarten.

- Når foreldra er trygge, kjenn barnet seg og trygt, seier ho.

Mange stader i landet jobbar dei svært godt med dette, som i hennar eigen heimkommune Moss. Både barna og dei vaksne var godt budde til skulestart på Melløs skule da sonen hennar starta der.

Ny brosjyre

Arbeidsgruppa frå FUB og FUG består av:

• Marie Skinstad-Jansen, leiar i FUB
• Hege Tegler, medlem i FUB
• Audun Fiskum, medlem i FUB
• Ole Petter Østerbø, nestleiar i FUG
• Henrik Gaup, medlem i FUG

Gruppa sitt mandat er å utforme ei brosjyre om overgangen frå barnehage til skule og SFO, der behovet til alle barn for gode, føreseielege og trygge overganger vert ivaretatt.

Målgruppa for brosjyra er foreldre med barn i barnehage og skule. Arbeidsgruppa legg vekt på at innhaldet vil vere FUB og FUG sine tilrådingar. Dei vonar den ligg føre til sommaren.