Å føle at ein høyrer til er noko av det aller viktigaste for barn. Det er vondt å ikkje bli invitert i bursdagar eller til andre sosiale arrangement og feiringar, og det er vondt viss ingen vil komme når ein sjølv inviterer. Ei av dei vanlegaste formene for mobbing er å halde nokon utanfor.

Gode råd for å arrangere ein inkluderande barnebursdag/fest

  • Inviter alle, enten hele kontaktgruppen eller bare jentene eller bare guttene. Snakk med barna om hvorfor det er viktig å inkludere flere enn bare de barna de leker mest med
  • Inkluder alle. Inviter heile kontaktgruppa eller alle jentene/gutane. Snakk med barnet om kvifor det er viktig å inkludere fleire enn berre dei som barnet leiker mest med
  • Har de liten plass til å feire heime? Spør kontaktlæraren eller den ansvarlege leiaren på trinnet om de kan låne lokala til skulen
  • Synest de det blir dyrt å invitere alle? Sjekk om det går an å feire saman med nokon av dei andre barna i kontaktgruppa
  • Når de inviterer til barnebursdag, send invitasjonen ut i fleire kanalar: kort, e-post, SMS eller andre felleskanalar
  • Be om tilbakemelding frå foreldra uansett om barnet kan komme eller ikkje. Då må alle foreldra svare på invitasjonen. Send gjerne påminning for å sørgje for at alle har fått det med seg
  • Oppmod barnet ditt om å gå i bursdag, sjølv om han/ho seier at han/ho ikkje vil. Snakk med barnet om kvifor han/ho ikkje vil gå i bursdagen. Fortel kor viktig det er å delta i andre sin bursdag, og be barnet tenkje på korleis det kjennest dersom mange ikkje kjem
  • Snakk om feiringar på foreldremøte. Bli einige om eit maksbeløp for gåversnakk om korleis de skal ta omsyn til eventuelle matpreferansar og allergiar
  • Gi beskjed anten barnet ditt kan komme eller ikkje. Dersom barnet ikkje kan komme, er det fint å oppgi grunnen, slik at dei som inviterer, ikkje treng å lure på kvifor nokon ikkje kom
  • Informer kontaktlæraren om feiringar. Skulen og lærarane er ofte dei som kan oppdage forløpet til eksklusjon og mobbing, eller systematikk i mobbinga. Derfor kan skulen vere ein viktig samarbeidspartnar for foreldra også i samband med bursdagsfeiringar
     

Kva kan vere grunnen til at nokon ikkje kjem?

Det kan vere veldig leitt for barn og unge når det er mange som ikkje kjem i ein bursdag. Som regel er det verken vond vilje eller mobbing som gjer at enkelte ikkje kjem. Då er det viktig at foreldra hjelper til med å finne ut kvifor det er fleire som ikkje kjem:

Sjekk kva som er skjedd med invitasjonen

Er invitasjonen kommen fram? Har fristen og kontaktinformasjonen vore tydeleg nok? Er det andre arrangement denne dagen som kolliderer med festen?

Har dei vaksne gløymt å gi beskjed?

Det treng ikkje vere snakk om vond vilje eller mobbing når nokon ikkje kjem i bursdag. Det kan vere stressa og uoppmerksame vaksne som er årsaka, og som gløymer å seie frå at deira barn ikkje kunne komme. Dette kan foreldra snakke om og bli einige om på foreldremøte.

Skjer det om igjen med dei same barna? 

Det kan skje at nokon i ei gruppe eller i ein klasse blir haldne utanfor. Kanskje blir dei ikkje inviterte i bursdagar og andre feiringar. Kanskje blir dei inviterte, men får høyre at dei helst ikkje bør komme. Kanskje er det ingen som kjem til dei når dei har invitert. Dersom slike ting skjer, må dei vaksne reagere. Snakk med kontaktlæraren og eventuelt andre foreldre om det som skjer. Skulen har plikt til å sørgje for at elevane har det godt og trygt på skulen og ikkje opplever mobbing. 
 

Foreldra er viktige for skulemiljøet

Dei vaksne er svært viktige for skulemiljøet, og dei kan bidra til at fleire barn føler seg inkluderte. Sjå denne vesle filmen om korleis vaksne kan skape vennskap.

Når foreldra kjenner kvarandre, er det lettare for dei å gi kvarandre beskjedar og snakke om ting som skjer i skulesamanheng og på fritida.

Les om kva du kan gjere for å skape eit godt klassemiljø

Her er nokre gode døme frå Arendal og Kristiansand

 

Lag ei inkluderande halloweenfeiring

For mange barn er halloween ei like viktig feiring som bursdagar, og det er like leitt for eit barn å ikkje bli invitert på ein halloweenfest som å ikkje bli invitert i ein bursdag. Derfor må foreldra ta regien på denne dagen, uavhengig av om dei liker halloween eller ikkje. Dei same reglane må gjelde som for bursdagar: Alle i den same gruppa/avdelinga (alle jentene, alle gutane eller heile klassen) må få invitasjon. 

Vi oppmodar foreldra til å snakke om halloween på foreldremøte for klassen/trinnet.

Les meir om korleis de kan lage ei inkluderande halloweenfeiring