Psykososialt miljø

Det er ofte på SFO at barna har tid til å leike saman og bli kjende.

SFO er ein viktig sosial arena for barna. Her er dei saman gjennom læringsstøttande aktivitetar, frileik ute og inne og under måltid og felles aktivitetar.

Derfor er det viktig at SFO set i gang aktivitetar som skaper eit godt og trygt miljø, og som gjer at barna opplever at dei høyrer til, blir inkluderte og føler vennskap. Det er òg viktig at barna kan kjenne at dei tilsette liker dei, og at ingen blir forskjellsbehandla.

I Noreg er det lovfesta nulltoleranse for krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering på skulen (opplæringslova § 9 A-3). Det gjeld òg på skulefritidsordninga (SFO/AKS) og i samband med leksehjelp.

Det viktigaste er å bli inkludert

For at eit barn skal føle seg inkludert, må det få vere med i det sosiale fellesskapet. Barn må lære å ta vare på kvarandre og inkludere kvarandre i leiken. Det er viktig at ingen utøver skjult eller direkte mobbing, får andre til å føle seg utestengde eller hindrar andre i å vere med i det sosiale fellesskapet.

Derfor tilrår vi at denne definisjonen av mobbing blir lagd til grunn:

Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning. 
 

Lund, Helgeland, Kovac, 2017

Fysisk miljø - inne og ute

Det fysiske miljøet, både inne og ute, skal vere tilrettelagt slik at barna kan utfalde seg.

Opplæringslova § 9 A gjeld òg for SFO og omfattar heile det fysiske skulemiljøet, også det som er utanfor skulen sitt område.

Dersom SFO har lokale på skulen, gjeld dei same reglane som på skulen. Då er det forskrift om miljøretta helsevern i skuler og barnehagar som gjeld. Det vil seie at innemiljøet skal tilfredsstille alminneleg aksepterte faglege normer, og at dei tilsette skal følgje opp arbeidet for eit godt inneklima.

Les om retten til eit godt fysisk skulemiljø

Kommunen skal òg ha eit tilbod til elevar som treng særskild tilrettelegging. 

Ta barna med på ein sjekk av inneklimaet!

Det er flott om elevane sjølve kan vere med og undersøkje og bli bevisste på korleis inneklimaet deira er.

Norges Astma- og Allergiforbund har laga eit verktøy for å kartleggje korleis elevane opplever inneklimaet på skulen. Inneklimaet har mykje å seie for helsa, trivselen og læringa.