Visning: A A A A A
Language Language Language

Retten til gratis grunnskuleopplæring

§ 2-15 i opplæringslova har følgjande ordlyd: "Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa."

Materiell, utstyr og transport

Lovføresegna slår fast at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane. Det vil seie at kommunen ikkje kan krevje betaling frå elevane eller foreldra verken for undervisningsmateriell eller aktivitetar (faglege og sosiale) som går for seg i skuletida og i regi av skulen, og som er ein del av grunnskuleopplæringa i samsvar med opplæringslova og forskriftene til lova.

Forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med opplæringa, også aktivitetar som skjer utanom den ordinære skuletida når desse aktivitetane er eit ledd i at skulen gjennomfører grunnskuleopplæringa i samsvar med lov og forskrift.

• Døme på undervisningsmateriell som kommunen ikkje kan krevje at elevane eller foreldra skal dekkje, er skrive- og teiknesaker, lærebøker, ordlister og kalkulator.

• Døme på utgifter til aktivitetar som kommunen ikkje kan krevje at elevane eller foreldra dekkjer, er utgifter til reise, kost, losji og opplæring i samband med leirskuleopphald eller andre tematurar som er ein del av opplæringa.

• Dersom kommunen/skulen tek elevane med på ei teaterframsyning eller til eit museum som ein del av opplæringa, må kommunen betale eventuell transport og billett.

• Annan nødvendig transport i skuletida, til dømes til symjehall eller bibliotek, skal òg betalast av kommunen.
Opplæringslova § 2-15 regulerer ikkje aktivitetar som ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa, det vil seie aktivitetar som fell utanom verkeområdet til opplæringslova.
 

Leirskule og andre turar

Etter lovføresegna § 2-15 i opplæringslova er det ikkje lov å krevje nokon former for eigendelar av elevane/foreldra til leirskuleopphald (reise, kost og losji) eller til andre turar som er ein del av grunnskuleopplæringa.

Foreldra kan ha dugnad eller gi gåver. Pengane må då gå til heile klassen/gruppa, ikkje til den enkelte eleven.

Det er kommunane/skulane som bestemmer aktivitetane i grunnskuleopplæringa, også om dei skal tilby leirskuleopphald. Kommunane/skulane har ikkje plikt til å gi leirskuleopphald for elevane i løpet av grunnskulen, men ein del av undervisningstida kan brukast til slik opplæring, jf. opplæringslova § 2-3 første leddet.
 

Statstilskot

Det blir gitt tilskot til leirskuleopphald (reise, kost og losji) og til opplæringa ved leirskulane (lønn til lærar ved leirskulen),  Målet med tilskotsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eitt leirskuleopphald i løpet av grunnskuletida. Desse midlane er no lagde inn i rammetilskotet til kommunane. Her finn du meir om tilskotet:
http://www.fug.no/tilskudd-til-leirskole.5195776.html

 

Rundskriv frå departementet om gratisprinsppet