Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Grunnleggjande ferdigheiter – kva er det?

For at elevane skal ha utbyte av læringa er det nokre føresetnader som er heilt avgjerande. I Kunnskapsløftet blir desse føresetnadene kalla grunnleggjande ferdigheiter.

Grunnleggjande ferdigheiter:

  • Å kunne uttrykkje seg munnleg
  • Å kunne lese
  • Å kunne rekne
  • Å kunne uttrykkje seg skriftleg
  • Å kunne bruke digitale verktøy
Det skal leggjast vekt på dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisninga, og dei er innarbeidde i læreplanane for alle fag.
 
Inn i alle fag
Det skal jobbast med grunnleggjande ferdigheiter i alle fag. Til dømes skal elevane i matematikk både skriftleg og munnleg kunne beskrive og forklare framgangsmåtar for å løyse ei rekneoppgåve. Bruk av rekneferdigheiter kan takast inn i både engelskundervisninga og i samfunnsfag. Digitale verktøy kan brukast i mange fag, til dømes i RLE-faget, der elevane får nye høve til kommunikasjon og dialog om religionar og livssyn.
 
Basiskompetanse
I del II av Kunnskapsløftet, Prinsipp for opplæringa, står det at elevane òg skal tileigne seg følgjande basiskompetanse:
  • Læringsstrategiar
  • Motivasjon
  • Sosial kompetanse
Basiskompetanse er like viktig for læring som dei grunnleggjande ferdigheitene. Læringsstrategiar er framgangsmåtar som elevane bruker for å organisere si eiga læring. Gode læringsstrategiar gjer elevane meir motiverte og aukar evna til å løyse vanskelege oppgåver. For å utvikle den sosiale kompetansen til elevane skal skulen leggje til rette for at elevane får øve seg i ulike former for samhandling og problem- og konflikthandtering. Opplæringa skal bidra til å utvikle sjølvinnsikt og identitet, respekt og toleranse.
 
Samarbeid med heimen
Å utvikle gode læringsstrategiar, sosial kompetanse og motivasjonen til eleven er viktige samarbeidsområde mellom heim og skule. Det bør vere tema på foreldremøte og i konferansetimen. Skulen og foreldra kjenner barna frå ulike sider. At foreldre har ei positiv haldning til skulen, har mykje å seie for motivasjonen og læringsutbytet til barna.