Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Hugs Foreldreundersøkinga!

Hausten er over og adventstida er godt i gang. Dette er ei travel tid for mange familiar med skuleavslutningar, oppvisningar og konsertar av ulike slag. Det er derfor nesten urimeleg å minne foreldra om enda ein ting dei skal bidra med, men eg prøver meg: Bruk Foreldreundersøkinga!

Gunn Iren Müller portrett dyp grønn
(Foto: Lisbeth R. Traaholt)

I haust vart det sendt ut mail med lenkje til Foreldreundersøkinga frå mange skular. Kor omfattande ho er, avgjer den einskilde skule, men dei fleste vel ein variant som ikkje er så lang.

Eg vil oppmode alle foreldre som har fått ei slik lenkje tilsendt om å svare på undersøkinga!

Her kan du gi både ris og ros og få sagt i frå om kva du meiner kan bli betre på skulen, til dømes i heim-skule-samarbeidet. Jo fleire som svarer, jo betre tilbakemeldingar får skulen.

Eg vonar mange vil bruke dei få minuttane som trengs til å seie si mening!

Advent og førebuingar

I disse tider er det travelt på skulen og. Mange av dei yngste elevane lærer matematikk og andre fag på utradisjonelt vis når dei får innta skulekjøkenet og bake pepperkaker og koke risgraut. Eller når dei må ta nøyaktige mål før dei klipper opp materiale til julepynt.

Kan hende blir det ein tur ut i skog og mark og for å finne noko å lage julepynt av?

Mange lærer seg vers og sangar utanat  til den store juleforestillinga, og nye grupper vert danna til slike høve. Det er mykje læring i å gjere ting litt utanom det vanlege.

God jul pepperkakemann (Foto: Colourbox)
(Foto: Colourbox)

Følg opp heime

Dette kan vi følgje opp heime ved å la ungane slippe til i førebuingane. Kan hende kan noko av julekortskrivinga overlatast til ein som akkurat har lært å forme bokstavane?
 
Dei eldre elevane er opptekne med prøvar og tentamen. Sjølv om ikkje alle foreldre kan hjelpe dei fagleg med førebuingane, kan alle være heiagjeng og oppmode til god og grundig jobbing.

Det er viktig at foreldra viser interesse for ungdommane sin skulekvardag.

Om eit par veker er det tid for skuleferie og nokre fredelege dagar. Både små og store kan ha bruk for eit pusterom etter hausten og adventstida.

Eg ynskjer både elevar og vaksne, anten dei jobbar i skulen eller andre stader, nokre fine fridager.

God jul!

Helsing Gunn Iren Müller, FUG-leiar