«Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.» 

Opplæringslova kapittel 9 A 

 

Nulltoleranse mot mobbing er lovfesta

Barn som har det bra på skulen, lærer betre. Skulemiljøet handlar både om det  psykososiale miljøet og det fysiske miljøet

Les om opplæringslova § 9 A

Rektor har hovudansvaret

Rektor og skuleleiinga har hovudansvaret for å sørgje for at både det fysiske skulemiljøet – ute og inne – og det psykososiale skulemiljøet er best mogleg. Skulen skal skape eit godt miljø og ta godt hand om elevar, klassar, foreldre og tilsette når noko ikkje fungerer.

Les om ansvaret til rektor

Alle tilsette skal følgje med

Alle tilsette har eit ansvar for å følgje med, gripe inn og melde frå dersom dei oppdagar at ein elev ikkje har det bra på skulen. Dei skal reagere raskt når skulemiljøet ikkje er bra, og det skal vere lett for foreldra å ta kontakt med skulen.

Les mer om aktivitetsplikta 

Heim–skule-samarbeid er viktig

Eit godt samarbeid mellom skulen og heimen, der foreldra og skulen snakkar saman og jobbar i den same retninga, bidreg til å gi elevane ein god skulekvardag der dei er trygge, lærer godt og opplever vennskap, tilhøyrsle og meistring.

Dersom læringsmiljøet er dårleg og barna ikkje har det bra på skulen, kan det gi langvarige skadar på den psykiske og fysiske helsa deira og gå ut over evna til å lære. 

Les meir om mobbing

Lytt til barna

Det er barna si oppleving av skulemiljøet som er det viktigaste, og vaksne kan ikkje seie at eit barn ikkje blir mobba eller krenkt dersom barnet sjølv seier eller viser at det blir det. Det eleven eller foreldra fortel om korleis barnet opplever skulemiljøet, er derfor viktig informasjon for skulen som dei tilsette må ta på alvor. 

Les meir hos Helsedirektoratet