«Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.» 

Opplæringslova kapittel 9 A 

 

Nulltoleranse mot mobbing er lovfesta

Barn som har det bra på skulen, lærer betre. Skulemiljøet handlar både om det  psykososiale miljøet og det fysiske miljøet

Les om opplæringslova § 9 A

Rektor har hovudansvaret

Rektor har hovudansvaret for at både det fysiske skulemiljøet – ute og inne – og det psykososiale skulemiljøet er trygt og godt. Skulen skal skape eit godt miljø og ta godt hand om elevar, klassar, foreldre og tilsette når noko ikkje fungerer.

Les om ansvaret til rektor

Alle tilsette skal følgje med

Alle tilsette har plikt til å følgje med, gripe inn og melde frå dersom dei oppdagar eller mistenker at ein elev ikkje har det bra på skulen. Dei skal reagere raskt når skulemiljøet ikkje er bra. Det skal òg vere lett for foreldra å ta kontakt med skulen om dei uroar seg for eit barn eller for skulemiljøet.

Les mer om aktivitetsplikta

Heim–skule-samarbeid er viktig

Eit godt samarbeid mellom skulen og heimen bidreg til at elevane gjer det betre på skulen, både fagleg og sosialt. Dei kjenner seg i større grad trygge, lærer betre, opplever meistring, vennskap og det å høyre til i klassefellesskapet.

Når skule og foreldra kjenner kvarandre godt, blir det mykje enklare å støtte kvarandre i det daglege. Det er òg lettare å oppdage elevar som ikkje har det bra på eit tidleg tidspunkt.

Les meir om mobbing

Lytt til barna

Det er barna si oppleving av skulemiljøet som er det viktigaste, og vaksne kan ikkje seie at eit barn ikkje blir mobba eller krenkt dersom barnet sjølv seier eller viser at det blir det. Det eleven eller foreldra fortel om korleis barnet opplever skulemiljøet, er derfor viktig informasjon for skulen som dei tilsette må ta på alvor. 

Les meir hos Helsedirektoratet