Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Kva er nasjonale prøvar?

Svar:

I skulen er det ulike testar og undersøkingar, og det er ikkje alltid lett å ha oversikt over alt. På 5., 8. og 9. trinnet i grunnskulen skal det gjennomførast nasjonale prøvar. Dei skal gi informasjon om korvidt dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla i læreplanen eller ikkje.

Elevane og foreldra skal få tilbakemelding frå læraren om resultata på prøvane, og prøveresultata bør vere eitt av temaa i utviklingssamtalen. Samtidig må vi som foreldre hugse at det blir gjort mykje i skulen som ikkje kan målast: Ikkje alt som tel, kan teljast. Det er viktig at vi òg formidlar haldningar og verdiar som er viktige i livet, til barna våre.

Nasjonale prøvar

Elevane på 5. og 8. trinnet skal gjennomføre nasjonale prøvar i lesing, engelsk og rekning. Elevar på 9. trinnet skal gjennomføre nasjonale prøvar i lesing og rekning. Desse prøvane er dei same som prøvane for 8. trinnet. Prøvane i engelsk og rekning er elektroniske, mens prøvane i lesing skal gjennomførast på papir.

Foreldre med barn på 5., 8. og 9. trinnet skal på førehand få ein brosjyre frå Utdanningsdirektoratet om kva dei nasjonale prøvane er. Skulen rettar prøvane, og resultata kan på ein god måte vise kva barna må jobbe meir med. Derfor er det viktig at dei nasjonale prøvane er tema i utviklingssamtalane, slik at foreldra får vite resultata og får greie på kva som er lurt å gjere for at eleven skal bli betre.

Fakta om dei nasjonale prøvane

• Dei nasjonale prøvane skal gi informasjon om korvidt dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla i læreplanen eller ikkje.

• I læreplanen er dei grunnleggjande ferdigheitene definerte som å lese, skrive, rekne, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter.

• Dei nasjonale prøvane er ikkje prøvar i faga norsk og matematikk, men i lesing og rekning som grunnleggjande ferdigheiter på tvers av faga. Prøvane i engelsk er knytte til kompetansemåla berre i eitt fag – engelsk – og oppgåvene fokuserer på leseforståing, ordforråd og grammatikk.

• Dei nasjonale prøvane er obligatoriske for alle elevar på 5., 8. og 9. trinnet. Skulen kan gi fritak for elevar som får spesialundervisning eller særskild språkopplæring. Sjølv om ein elev har rett til fritak, kan eleven sjølv eller foreldra likevel bestemme at eleven skal gjennomføre prøven.

• Elevar som ikkje har høve til å gjennomføre dei nasjonale prøvane på den oppsette prøvedagen, skal få tilbod om å gjennomføre prøven seinare.

• På nettsida til Utdanningsdirektoratet (www.udir.no/nasjonaleprover) er det lagt ut døme på oppgåver for at elevane skal bli kjende med oppgåvetypane som blir brukte i dei nasjonale prøvane. Her kan du òg sjå når prøvane skal gjennomførast.

• Eleven og foreldra skal få tilbakemelding frå læraren om resultata frå prøvane når resultata er klare. Prøveresultata bør òg vere tema i elevsamtalen.

• Resultata for skulen vil vere tilgjengelege for rektor og skuleeigaren. Resultata frå prøvane vil gi informasjon som skular, kommunar og sentrale myndigheiter skal bruke i arbeidet med å forbetre kvaliteten på opplæringa.

• Kontakt skulen din dersom du har spørsmål om dei nasjonale prøvane.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet