Kompetansemål – kva skal barna lære?
Læreplanane i Kunnskapsløftet inneheld kompetansemål som beskriv det elevane skal kunne etter 4., 7. og 10. trinnet. Kompetansemåla viser kva som er sentrale kunnskapar og ferdigheiter i dei ulike faga.
I alle læreplanane for fag er det fastsett kompetansemål etter 4., 7. og 10. trinnet. I mange fag er det kompetansemål også etter 2. trinnet. Måla skal vere konkrete og forståelege for elevar, lærarar og foreldre. Undervisninga skal tilpassast evnene og føresetnadene til kvar enkelt elev.
Døme på kompetansemål
I norsk etter 2. trinnet:
- Uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikningar, bilete, musikk og rørsler
I engelsk etter 4. trinnet:
- Forstå og bruke vanlege engelske ord og uttrykk knytte til daglegliv, fritid og interesser, både munnleg og skriftleg
I matematikk etter 7. trinnet:
- Finne fellesnemnar og utføre addisjon, subtraksjon og multiplikasjon av brøkar
I samfunnskunnskap etter 10. trinnet:
- Finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla
Tema på konferansetimen
I del II av læreplanen står det at ”hjemmet skal få informasjon om målene for opplæringen i fagene, elevenes faglige utvikling i forhold til målene og hvordan hjemmet kan bidra til å fremme elevenes måloppnåelse. Videre skal hjemmet ha informasjon om hvordan opplæringen er lagt opp, og hvilke arbeidsmåter og vurderingsformer som brukes.”
Foreldra skal vere med på å vurdere korleis barnet deira ut frå evnene og føresetnadene sine kan nå kompetansemåla. På konferansetimen kan ein ta utgangspunkt i kompetansemåla og drøfte med læraren korleis foreldra kan bidra til at eleven når måla.




