Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Kor mange timar skal elevane ha i dei enkelte faga?

Kunnskapsløftet gir skulen stor fridom til å bestemme over korleis fag og timar skal fordelast.

Fag- og timefordeling

  • Timane skal fordelast på barnetrinnet (1.–7. trinn) og ungdomstrinnet (8.–10. trinn).
  • I faga norsk/samisk, matematikk og engelsk er timane fordelte på 1.– 4. årstrinnet og 5.–7. årstrinnet.
  • På 5.–7. årstrinnet er det i tillegg sett av 76 timar til fysisk aktivitet.
  • Elevar på 8.–10. trinnet skal anten ha framandspråk eller fordjuping i engelsk, norsk eller samisk.
  • Timane blir rekna i 60, ikkje 45, minutt.
  • Det er kompetansemål på 2., 4., 7. og 10. trinnet 
  • Skulane kan omdisponere inntil 25 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget. Det krev samtykke frå foreldra.
Skulane har stor fridom
På barnetrinnet er det elleve fag, og på ungdomstrinnet fjorten. Det er bestemt kor mange timar kvart fag skal ha på barnetrinnet og dei tre åra på ungdomsskulen. Skulen står fritt til å fordele timane på trinna. Timane må fordelast slik at elevane totalt får så mange timar som dei skal ha.
Timane i læreplanen er fastsette i klokketimar (60 minutt). Skulen og lærarane kan organisere lengda av skuletimane som dei ønskjer. Elevane kan ha eit fag over fleire dagar i éin periode og berre ein halvtime i veka i andre periodar.

Døme på timefordeling

Samfunnsfag har 385 timar på barnetrinnet. Fordelt på sju år blir det 55 timar per år. Skulen/skuleeigaren treng ikkje gi elevane like mange timar kvart år. Dei kan disponere slik at elevane får til dømes berre 35 timar samfunnsfag i første klasse. Det inneber fleire timar samfunnsfag seinare på barnetrinnet. 

Omdisponere timar – foreldra skal samtykkje

Skuleeigaren kan omdisponere inntil 25 prosent av timane for grupper eller enkeltelevar. Grunngivinga for å ta timar til eitt fag frå eit anna fag må vere at det fører til at eleven/elevane samla sett vil nå måla sine betre. Måla i læreplanen skal ikkje fråvikast.

Omdisponering til beste for den enkelte eleven

Det vil seie at ein elev som har spesiell interesse for eit fag, kan få forske og fordjupe seg i interessefeltet sitt dersom ein ser at eleven kjem til å nå måla i andre fag. Flytting av timar kan brukast både til å styrkje og motivere. Det som er viktig å passe på når det gjeld denne omdisponeringa, er at ho ”krev samtykke frå den enkelte eleven/lærlingen/føresette”. Her er det rom for tilpassa opplæring som både eleven og foreldra kan vere med på å bestemme og ta ansvar for.