Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Læremiddel er meir enn skulebøker

Foreldre er kanskje vande til at det er skulebøker som er ”pensum”, både frå eigen skulegang og frå skulen til barna. Det å gjere lekser blir ofte sett i samband med det å lese og gjere oppgåver frå utvalde lærebøker. Men for å oppnå kompetansemåla i Kunnskapsløftet kan kunnskap òg hentast frå andre kjelder enn lærebøker.

Elevvurdering

Vurdering av arbeidet til elevane er eit viktig grunnlag for samarbeidet mellom heim og skule. Foreldra skal ha informasjon om kva mål som er sette, og kva vurderingskriterium som blir brukte.

Læreplanen – generell del

Denne delen av læreplanen beskriv dei overordna måla for skulen og gir retning for opplæringa. Her står det om ansvarsfordelinga mellom heim og skule, og det blir framheva at foreldra er ein del av læringsmiljøet til barna.

Kompetansemål – kva skal barna lære?

Læreplanane i Kunnskapsløftet inneheld kompetansemål som beskriv det elevane skal kunne etter 4., 7. og 10. trinnet. Kompetansemåla viser kva som er sentrale kunnskapar og ferdigheiter i dei ulike faga.

Utdanningsval (tidlegare programfag til val)

Utdanningsval er obligatorisk på ungdomstrinnet frå skuleåret 2008–2009. Faget skal bidra til å knyte grunnskulen og den vidaregåande opplæringa betre saman. Opplæringa skal gi elevane erfaring med innhald og arbeidsmåtar i ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

Kor mange timar skal elevane ha i dei enkelte faga?

Kunnskapsløftet gir skulen stor fridom til å bestemme over korleis fag og timar skal fordelast.

Grunnleggjande ferdigheiter

For at elevane skal ha utbyte av læringa er det nokre føresetnader som er heilt avgjerande. I Kunnskapsløftet blir desse føresetnadene kalla grunnleggjande ferdigheiter.

Tilpassa opplæring for alle elevar

Kunnskapsløftet legg til grunn at undervisninga skal tilpassast føresetnadene og nivået til den enkelte eleven. Fordi elevane er ulike, må dei få ulike utfordringar. Alle elevar skal få oppgåver som gir dei sjansen til å lære, meistre og utvikle seg. Ved å variere arbeidsmåtar, la elevar arbeide individuelt og i grupper og ha eit auge for kvar elev, kan læraren tilpasse undervisninga til den enkelte.

Samarbeidet mellom heim og skule står sentralt i Kunnskapsløftet

Skulen skal leggje opplæringa til rette slik at alle elevar kan oppleve gleda ved å meistre og ved å nå måla sine. Samarbeidet med heimen er eitt av verkemidla for å oppnå det.