Svar:

"Foreldrenettverk" vil seie at foreldre til barn som er mykje saman, til dømes ein klasse eller eit klassetrinn, blir kjende med kvarandre og dannar eit nettverk. Dei har ein del kontakt og samvær og utvekslar erfaringar om daglegdagse og felles utfordringar knytta til ungdomsåra og foreldrerolla.

Foreldrenettverk byggjer godt skolemiljø

Foreldrenettverket legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med elevane i klassen. Dette verkar førebyggjande på fleire plan:

  • det aukar trivselen til både elevar og foreldre
  • det gir felles tilknyting til klassen/skulen
  • det legg grunnlaget for inkludering i det sosiale fellesskapet
  • det gir hjelp til utvikling av felles normer og reglar blant dei vaksne

Sjå filmen FUG har laga om ein foreldreskule her.

Felles reglar

Foreldre i ein skuleklasse bør diskutera kva dei kan gjera for at alle i klassen kjenner seg inkludert og opplever tilhøyring. Foreldre kan og ha behov for å diskutera utfordringar dei opplever rundt oppdraginga og det å støtte barn og ungdom til å leva og utvikle seg mot sjølvstende. Dette kan skape tryggleik både for barn/ungdommar og for vaksne.