Svar:

"Foreldrenettverk" vil seie at foreldre til ungdommar som er mykje saman, til dømes ein klasse eller eit klassetrinn, blir kjende med kvarandre og dannar eit nettverk. Dei har ein del kontakt og samvær og utvekslar erfaringar om daglegdagse og felles utfordringar knytta til ungdomsåra og foreldrerolla.

Foreldrenettverk byggjer godt skolemiljø

Foreldrenettverket legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med elevane i klassen. Dette verkar førebyggjande på fleire plan:

  • det aukar trivselen til både elevar og foreldre
  • det gir felles tilknyting til klassen/skulen
  • det legg grunnlaget for inkludering i det sosiale fellesskapet
  • det gir hjelp til utvikling av felles normer og reglar blant dei vaksne

Sjå filmen FUG har laga om ein foreldreskule

Felles reglar

Foreldre i ein skuleklasse kan bli samde om felles reglar for ungdommane, og dei kan bli samde om å varsle kvarandre dersom det skulle vere noko på gang. Dei kan ikkje alltid vere heime eller tilgjengelege for sine eiga barn. Men med eit godt foreldrenettverk kan dei vere der for ungdommane til kvarandre. Dette skaper tryggleik både for ungdommar og for vaksne.

Dei fleste tenåringsforeldra vil møte mange av dei same utfordringane, frustrasjonane, gledene og bekymringane. Dette kan det vere fint og lurt å snakke om med andre i same situasjon.

Skaper tryggleik

I og med at ungdommane veit at foreldra kjem saman, diskuterer og bryr seg om klassemiljøet og alle i klassen, vil dette gje tryggleik og føre til at dei blir litt meir medvetne på kva dei gjer. Det blir kanskje ikkje så lett å mobbe eller halde nokon utanfor, vere den første som tøffar seg med røyken eller den første som tar ein øl på fest eller sprer eit flaut eller krenkandre bilete på nett.

Kjelde: Stavanger KFU