Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Kva meiner du om lekser?

Mor hjelper gutt med leksene
FUG ønskjer ein debatt om lekser og vil gjerne finne ut kva for røynsler foreldre har med lekser. Svara skal brukast som underlag for ein breiare debatt i FUG seinare i vår. Du kan bli med på undersøkinga.

- Sjølv om eg personleg har flagga mi meining i media, har ikkje FUG som utval konkludert i denne saka. Men det har vore viktig å få i gang ein debatt om eit tema som mange foreldre har synspunkt på og meiner noko om, seier FUG-leiar Christopher Beckham.

På forsommaren skal FUG ta diskusjonen i sitt møte. Som eit underlag til diskusjonen har FUG no sendt ut ei spørjeundersøking på e-post til alle mottakarar av FUG sitt nyheitsbrev og til dei kommunale foreldreutvala.

Dersom du ønskjer å ta del i undersøkinga, kan du klikke på lenkja her.

Vi strekar under at undersøkinga berre skal svarast på éin gong pr. forelder og at ho gjeld berre for eit barn. Du må sjølv velje kva for eit av borna dine du svarar i høve til.

På førehand takk for hjelpa!