Visning: A A A A A
Språk Språk Språk

Er læremiddel noko anna enn skulebøker?

Eg er vand med at det er skulebøker som er ”pensum”, både frå min eigen skulegang og frå skulen til barna. Men no kjem dei heim med oppdrag å lese på nettet?

Det å gjere lekser blir ofte sett i samband med det å lese og gjere oppgåver frå utvalde lærebøker. Men for å oppnå kompetansemåla i Kunnskapsløftet kan kunnskap òg hentast frå andre kjelder enn lærebøker.

I lovverket står det lite om lærebøker. Det det står mest om, er lærebøker på ulike målformer. Det står ingen stader kor mykje ein må bruke lærebøker, og kor mykje stoff ein kan hente frå andre kjelder. I forskriften til opplæringslova § 17-3 er kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, aviser, oppslagsverk, administrativ programvare og liknande, både trykte og ikkje-trykte, omtalte som alternativ til læreboka.

Foreldre kan bidra

Det foreldra må vere opptekne av, er å få god informasjon frå skulen. Foreldra må vite kva læremiddel som blir brukte i dei ulike faga, og korleis dei blir brukte. Det er naturleg at læraren på eit foreldremøte har med og viser fram lærebøker og eventuelt anna undervisningsmateriell. Foreldra må òg få høve til å besøkje skulebiblioteket. Ein open dialog der foreldra er informerte og blir brukte som ressursar, kjem barna til gode.

Alternative kjelder

Skule- og folkebiblioteka har fagbøker for barn om ulike tema som kan vere nyttige i læringa. Dei seinare åra er det komme ein god del oppslagsverk for barn. Det blir òg stadig meir vanleg å bruke Internett som kunnskapskjelde. Derfor er det viktig at elevane lærer seg nettreglar og kritisk bruk av kjelder. Intervju med personar som har kunnskap om eit bestemt emne, kontakt med organisasjonar, kompetansesenter, reisebrosjyrar, ulike forsøk og eksperiment – det er mange måtar å skaffe seg kunnskap på. Foreldra kan vere ressursar på mange fagområde, dei kan til dømes bidra med å finne informasjon om tema som elevane jobbar med.

Lærebøker framleis mykje brukte

Mange lærarar bruker lærebøker i stor grad. Arbeidspresset er stort i skulen, og mange fag og timar skal førebuast. Derfor har lærarane ofte ikkje høve til å finne fram til alternative læremiddel i alle fag. Fordelen med lærebøkene er at dei finst på begge målformene og har eit språk som er tilpassa den aktuelle alderen.

Kunnskapsløftet set kompetansemål

Kunnskapsløftet har kompetansemål etter 4., 7. og 10. trinnet. Det er lite detaljar i læreplanen om kva undervisninga skal innehalde for å nå desse måla. Det gir den enkelte skulen stor fleksibilitet med tanke på kva ein underviser i på kvart trinn. Skulen må informere foreldra regelmessig både om kva læremiddel som blir brukte, og om læringsmåla i dei ulike faga.