Læreplanen – generell del
Denne delen av læreplanen beskriv dei overordna måla for skulen og gir retning for opplæringa. Her står det om ansvarsfordelinga mellom heim og skule, og det blir framheva at foreldra er ein del av læringsmiljøet til barna.
Kunnskapsløftet – ein tredelt læreplan
Kunnskapsløftet har tre delar. Den første delen er Generell del. Del to er Prinsipp for opplæringa. Det er ei kort ”bru” mellom den generelle delen og fagplanane som mellom anna seier noko om sosial kompetanse, motivasjon, samarbeid med heimen og pliktene til skulen. Del tre er fagplanane for dei enkelte faga.
Den generelle delen av læreplanen er henta frå L-97 (Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen). Han gir eit overordna perspektiv på læring og er eit verdigrunnlag for heile læreplanen.
Den generelle delen er delt inn i sju kapittel:
Det meiningssøkjande mennesket
Kapitlet om det meiningssøkjande mennesket utdjupar kva kulturarv og identitet handlar om, og grunngir dei kristne og humanistiske verdiane. Kapitlet legg vekt på likeverd, verdigheit og respekt.
Det skapande mennesket
Nysgjerrigheita til barn er ei naturkraft, og det fremste målet for utdanning er utvikling. Kreativitet føreset læring og at ein kjenner til element som kan utvikle og stimulere. Kvar generasjon kan føye nye innsikter til erfaringane til generasjonane før, derfor må vi kjenne til det som er nedfelt i tradisjonane.
Det arbeidande mennesket
Det er eit særtrekk ved mennesket at det både prøver ut, uttrykkjer og utviklar evnene sine i arbeid. Gode arbeidsvanar som blir utvikla i skulen, har nytte langt utover rammene i skulen. Dette kapitlet seier òg noko om tilpassa opplæring, læringsprinsippet frå det kjende til det ukjende, lærarrolla og læring som lagarbeid. Her blir det òg peikt på at foreldra har ei rolle i læringsmiljøet til skulen.
Det allmenndanna mennesket
Opplæringa skal gi god allmenndanning. Det er ein føresetnad for ei heilskapleg personleg utvikling og mangfaldige mellommenneskelege relasjonar. God allmenndanning vil seie at ein tileignar seg
- konkret kunnskap om menneske, samfunn og natur som kan gi overblikk og perspektiv
- dugleik og modenheit for å møte livet – praktisk, sosialt og personleg
- eigenskapar og verdiar som lettar samvirket mellom menneske og gjer det rikt og spennande for dei å leve saman
God allmenndanning skal bidra til nasjonal identitet og solidaritet ved å gi eit felles preg som er forankra i språk, tradisjon og lærdom på tvers av lokalsamfunn.
Det samarbeidande mennesket
Mennesket blir forma av omgivnadene samtidig som det er med på å forme dei. Det er derfor viktig at elevane tek del i eit breitt spekter av aktivitetar, der alle får plikter for arbeidsfellesskapet:
- Øve seg på å tre fram for andre
- Presentere eit syn
- Leggje planar, setje dei i verk og gjennomføre eit opplegg
Her blir det òg framheva at foreldra er ein viktig del i samarbeidet om den enkelte eleven og skulemiljøet:
”Foreldrene har primæransvaret for oppfostringen av sine barn. Det kan ikke overlates til skolen, men bør utøves også i samarbeidet mellom skole og hjem. For læringsmiljøet favner også foreldrene.”
Det miljøbevisste mennesket
Kunnskap og forsking har betra helsa til folk, lyft levekåra deira og heva velferda i store delar av verda – men har òg forsterka ulikskapar i verdssamfunnet og truslar mot naturen. Derfor må opplæringa gi brei kunnskap om samanhengane i naturen og samspelet mellom menneske og natur. Elevane må lære å sjå ting i samanheng og få tru på at solidarisk handling og felles innsats kan løyse dei globale problema.
Det integrerte mennesket
Dette kapitlet startar med å ramse opp 17 tilsynelatande motstridande formål som skulen har, og seier at opplæringa må balansere desse doble formåla:
”Sluttmålet for opplæringen er å anspore den enkelte til å realisere seg selv på måter som kommer fellesskapet til gode – å fostre til menneskelighet for et samfunn i utvikling.”




