Det er skulen som bestemmer om elevane skal ha lekser eller ikkje. Det er ikkje lovbestemt at elevane skal ha lekser, men dei har plikt til å delta i undervisninga. Derfor kan verken dei eller foreldra velje at elevane ikkje skal gjere lekser dersom skulen har bestemt at dei skal ha det.

Retten til tilpassa opplæring gjeld òg leksene

Leksene skal tilpassast til kvar enkelt elev i ein klasse. Som regel gir lærarane lekser som passar for dei fleste elevane, og så gir dei individuelt tilpassa lekser til dei elevane som treng det.

Samarbeid mellom skulen og heimen er viktig for at foreldra skal kunne hjelpe barna med leksene. Skulen kan til dømes leggje til rette for at foreldra er med på leksehjelpa på skulen, eller sørgje for at det blir arrangert sosiale kveldar der foreldra får erfaring med å hjelpe barna med leksene, uavhengig av språkferdigheiter eller eigen kompetanse.

Nokre skular arrangerer foreldreskule for å styrkje kompetansen og motivasjonen til foreldra, slik at dei blir betre rusta til å hjelpe barna med leksene.

Lekser skal ikkje berre vere strev!

Det finst lite forsking på om lekser gjer at elevane når kompetansemåla, om ulike former for lekser har forskjellig effekt på læringa, eller på kva effekt det har dersom elevane ikkje har lekser. 

Mange foreldre synest det er vanskeleg å hjelpe barna med leksene, fordi dei ikkje sjølve har språkferdigheiter eller kompetanse til å gjere det.

Det forskinga viser, er at det aller viktigaste er at foreldra engasjerer seg og støttar barnet. Dei treng ikkje nødvendigvis kunne alt det elevane lærer.

Dette meneir FUG

Leksehjelp

Kommunen (skuleeigaren) pliktar å tilby elevane i grunnskulen åtte timar gratis leksehjelp (opplæringslova § 13-7a) i veka. Kommunen bestemmer sjølv korleis desse åtte timane skal fordelast mellom dei ulike trinna. Derfor er det ikkje sikkert at alle trinn får tilbod om leksehjelp.

Formålet med leksehjelp er at elevane skal få støtte til læringsarbeidet, kjenne meistring og få gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal òg bidra til å jamne ut sosiale forskjellar.

Det er frivillig for elevane å delta på leksehjelpa. 

Tips til foreldre-/klassekontakten

  • Støtt kvarandre – kanskje enkelte foreldre har kompetanse på nokon av skulefaga som dei andre foreldra kan få hjelp til?

  • Ta initiativ til å lage leksegrupper der barna kan hjelpe kvarandre med lekser eller få hjelp av foreldre saman