- Alle vaksne har eit ansvar for å følgje med på kva som skjer i barna sin kvardag, både på skulen og heime. Det er særleg viktig at me held auge med korleis dei brukar digital kommunikasjon. Me veit at det skjer mykje skjult mobbing her, sier FUG-leiar Loveleen Brenna.

Fleire enn 45.000 barn og unge i Noreg mellom 9 og 16 år vert utsette for mobbing og trugsmål på nett. 70.000 barn har opplevd uønska seksuelle kommentarar på nett. Meir enn 30.000 barn har blitt mobba eller truga på mobilen. Men berre 26 prosent har fortalt det til vaksne.

- Dette er alvorlege tal som me som foreldre har eit ansvar for å gjere noko med. Me må gje barna våre gode haldningar, og me må følgje med, seier Brenna.

Logo nettbølling
Logo nettbølling

Kampanjestart

På nyåret blei Manifest mot mobbing 2011-2014 underteikna av Regjeringa, KS, Foreldreutvalet for grunnopplæringen, Foreldreutvalet for barnehagar, Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Skulenes landsforbund og Norsk Skoleleiarforbund.

Målet er å styrkje den lokale innsatsen for gode oppvekst- og læringsmiljø og kampen mot mobbing. Digital mobbing er valt som hovudtema i år, og neste veke går sjølve kampanjeveka av stabelen (5. – 11. september).

Usynleg og feigt

FUG blei kontakta av meir enn 400 foreldre i 2010, og 56 av sakene gjaldt mobbing. Sjølv om mobbeforma ikkje er spesifisert i statistikken, er det mobbesakene som er dei verste og mest alvorlege FUG får spørsmål om.

- Uansett om mobbinga skjer heime eller på skulen, er dette noko me vil til livs. Den digitale mobbinga kan ofte vere meir brutal enn den i skulegarden, fordi mobbeofferet og mobbaren er skjult for kvarandre. Men denne forma er desto meir feig, seier Brenna.

Ho oppmodar flest mogleg vaksne til å støtte opp om den nasjonale kampanjen og spreie informasjonen vidare. Det er mykje stoff om temaet å hente på Utdanningsdirektoratet sine heimesider. 

Du kan og finne meir på Datatilsynet sine heimesider, der tala over er henta frå.