Nærskoleprinsippet (Kap 8)
Nærskoleprinsippet er at grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Men det er unntak, etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.
Organisering av undervisninga
I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.
Klassen skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen.




